"Haugefisk" får fest

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

BREMANGER: 27. januar blir det arrangert heimkomstfest for autolinebåten ”Haugefisk”. Då kjem den attende til Hauge i Bremanger der den var heimehøyrande frå den var nybygd I 1978.

DEL

Båten skulle med rett kondemnerast og hoggast opp i fjor haust, då greip Kystmuseet i Sogn og Fjordane inn. Båten vil etter kvart få ein permanent base i Iglandsvik.

Museet engasjerte seg på grunn av at båten i seg sjølv er verdt å ta vare på for framtida, då den representerer eit viktig kapittel i nyare tids fiskerihistorie både nasjonalt og i regionen.

”Haugefisk” er med sine 105 fot både eitt av dei største og yngste verna fartøya i Norge, og den skal bli ei stifting oppretta ved gåver og tilskot frå privatpersonar, næringsliv og kulturinstitusjonar. Stiftinga sitt føremål vil vere knytt opp til ”Haugefisk” som kulturminne, i tillegg til ivaretaking og formidling av den fiskerihistoria båten representerer.

Artikkeltags