Gjorde hærverk på bil

DEL

Politiet fekk i går melding om to ungdommar gjorde hærverk på ein uregistrert bil som stod parkert i Havreneset.

– Det var snakk om eit par mindreårige ungdommar som slo og sparka på bilen. Politiet var på staden, og sjølv om utøvarane då var borte, veit politiet kven det er.

Det seier tenestestadsleiar Wenke Hope, som opplyser at gutane blei tekne hand om av foreldra sine.

Ho seier også at politiet ikkje har grunn til å sette dette i samanheng med hærverksbølgja som ramma Florø i fjor.

Artikkeltags