For halvanna veke sidan knuste nokon eine ruta i inngangsdøra til Florø barneskole. I natt knuste dei den andre.

KNUST: Etterforskignsleiar Kjell Magne Barsnes sikrar spor etter dei som har knust ruta i inngangsdøra til Florø barneskole natt til fredag.

KNUST: Etterforskignsleiar Kjell Magne Barsnes sikrar spor etter dei som har knust ruta i inngangsdøra til Florø barneskole natt til fredag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Berre trist, seier rektor Marianne Nødset.

DEL

Natt til fredag skal ukjende gjerningspersonar ha knust ei rute i hovudinngangsdøra til Florø barneskole. Hærverket vart meldt til politiet 09.25 fredag morgon.

For halvanna veke sidan vart ruta i den andre inngangsdøra knust.

Steinen som vart brukt, som var på storleik med ein knyttneve, låg att utanfor døra. Den vart teken vare på som bevismateriale av etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon, då han kom til staden. Han utelukkar ikkje nokon samanheng mellom dei to tilfella av hærverk, men seier at ein er for tidleg i etterforskinga til å kunne seie noko sikkert. Han ber samstundes folk som har sett noko ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Til stades fredag morgon var også rektor Marianne Nødset.

– Dette er berre trist. Men det er klart, dette er ein mykje brukt skuleplass både på dagtid og på kveldstid, vekedag som helg, seier ho.

TRIST: – Dette er berre trist, seier rektor Marianne Nødset.

TRIST: – Dette er berre trist, seier rektor Marianne Nødset. Foto:

Artikkeltags