Politiet rulla opp internasjonal dopingliga – fleire hovudmenn frå Sogn og Fjordane

BESLAGET: Dette bildet tok politiet av beslaget under aksjonen i Høyanger.

BESLAGET: Dette bildet tok politiet av beslaget under aksjonen i Høyanger. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Beslagla fem kilo verkestoff i aksjon i Høyanger kommune. Politiet har oppretta straffesaker mot meir enn 100 personar.

DEL

5. mars 2016 får to personar i Høyanger ein telefon frå politiet: Om dei kan hjelpe til med ein aksjon mot ein fritidseigedom i Høyanger kommune.

Torfinn Roar Fimreite blir spurt om han kan skysse ein politipatrulje til og frå fritidseigedomen, som ligg ved Sognefjorden.

Fimreite skyssar politifolka til fritidseigedomen. Der finn dei så mykje ulovlege dopingmiddel at dei treng ein bil for å få frakta alt ned på kaia. Ein nabo blir spurt av politiet om dei kan låne bilen hans for å køyre beslaget ned til båten. Totalt fann politiet over fem kilo reint verkestoff under aksjonen. 

Ein flik av noko mykje større

Men aksjonen i Høyanger var ein del av ei mykje større etterforsking.

– Politiet har sidan desember 2015 etterforska eit stort nettverk som har produsert, innført og omsett store mengder dopingmiddel, som dei har selt via nettstadene Hushboard og Roidboard. Desse nettstadane er både ein nettbutikk for omsetjing av dopingmiddel og eit diskusjonsforum der ein har gjeve råd om bruk av dopingmidlane, seier politiadvokat Kristin Harstad ved Vest Politidistrikt til Firda.

– Eg transporterte politiet og dopet dei beslagla 

Politiet kom på sporet av dopingligaen då dei saman med Arbeidstilsynet hadde tilsyn i ein privatbustad i samband med eit byggearbeid. På loftet i huset vart det funne dopingmiddel og utstyr som vart brukt til å produsere dopingmiddel. I samband med dette vart to personar arresterte.

– 14 dagar seinare avdekka Sør-Øst Politidistrikt eit lager med dopingmiddel i Hokksund. Her fann politiet 15 kilo reint verkestoff, det største enkeltbeslaget av dopingmiddel i Norge nokon gong. Denne gongen vart tre personar arresterte, seier Harstad.

Nettverk styrt frå Vestlandet

Då ein etterforska desse sakene kom det fram at dei var knytt til eit nettverk der dei fleste av dei involverte hadde tilknyting til Vestlandet. Dermed vart det avgjort at Vest politidistrikt skulle ta ansvaret for saka vidare.

Gjennom si etterforsking av nettstadane Hushboard og Roidboard fekk politiet identifisert fleire hundre personar som var både kundar og seljarar av ulovlege dopingmiddel knytt til nettverket, og fleire beslag kom som perler på ei snor:

Kristin Harstad

Kristin Harstad Foto:

21. januar 2016 tok Tollvesenet beslag i ei større mengde dopingmiddel ved Magnor i Hedmark. Då vart tre polske statsborgarar arresterte.

13. februar 2016 tok Tollvesenet beslag i dopingmiddel på grensa ved Svinesund i Østfold. To personar vart arresterte.

5. mars 2016 vart beslaget i Høyanger gjort. I samband med dette beslaget vart fleire personar arresterte.

Av dei fleire hundre kundane og seljarane politiet har identifisert, har politiet oppretta straffesak mot litt over hundre personar. 36 av desse har vore arresterte og sikta for å ha hatt ei rolle i nettverket. Av desse har politiet no tatt ut tiltale mot ti av dei mest sentrale hovudmennene.

Hovudmenn frå Sogn og Fjordane

– Dei fleste som er involvert i saka er norske statsborgarar som bur i Norge. Dei fleste er menn i alderen 20–45 år. Dei sentrale personane i nettverket er busett i Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud, seier Harstad.

I beslaga har politiet funne 50.000 tomme hetteglas, etikettar, emballasje og hjelpestoff til produksjon av illegale preparat.

– Dopingmidlane vi har beslaglagt ser ut som legale legemiddel. Men analysar viser at dei ikkje er framstilt av legemiddelprodusentar, med dei krav til produktsikkerheit det medfører, seier Harstad.

I beslaga har politiet også fått hand om til saman rundt 23 kilo reint verkestoff.

Dop for 30 millionar

– Vi anslår at verdien av dei dopingmidlane ein kunne produsert av dette ville ligge rundt 30 millionar kroner, seier Harstad.

Nettstaden Roidboard er ei norsk nettside, medan Hushboard er delt inn i ein norsk, svensk og ein internasjonal del. Nettstadane kravde at brukarane oppretta ein konto, og brukte kryptert e-post. Politiet meiner at nettverket bevisst brukte krypterte e-posttenester for å hindre politiet i å få tilgang til korrespondanse mellom brukarane.

Pressekonferanse om dopingliga. F.v.:  Kristin Harstad (politiadvokat), Hege Garberg Natland (Etterforskningsleder), Askel Rødland (Etterforskningsleder)

Pressekonferanse om dopingliga. F.v.: Kristin Harstad (politiadvokat), Hege Garberg Natland (Etterforskningsleder), Askel Rødland (Etterforskningsleder) Foto:

– Likevel har vi greidd å få tilgang til fleire tusen sider med e-postkorrespondanse, seier Harstad.

Kundane har anten nytta kontant betaling sendt gjennom posten, eller betalt med kryptovaluta i form av bitcoin, seier Harstad:

– Vi har spora bitcoin-transaksjonar tilsvarande fleire millionar norske kroner, seier Harstad.

Marknaden for dopingmiddel blir større og større, meiner politiet.

Stadig fleire dopar seg

– Vi ser at terskelen for å skaffe seg dopingmiddel gjennom kjøp på internett blir lågare. Difor er det viktig for politiet å etterforske denne type saker. Ved å straffeforfølgje seljarane blir tilgangen til dopingmiddel redusert, og vi meiner det at sjansen for å bli oppdaga aukar, vil ha ein førebyggande effekt overfor kjøparar, og avgrense nyrekruttering, seier Harstad.

Sju av dei 36 som har medverka til omsetjing gjennom nettverka har allereie fått dom.

Sakene mot tre av dei tiltalte begynner i Bergen tingrett 10. september, og det er sett av fire veker til desse sakene.

7. januar startar sakene i Bergen tingrett mot dei sju andre. Til desse sakene er det sett av 25 veker.

Artikkeltags