Gå til sidens hovedinnhold

Harde kutt i Bremanger

Artikkelen er over 13 år gammel

Bremanger kommune si kuttliste inneheld nedlegging av legekontor, bibliotekfilial og barnehage, kutt i sosialhjelp og barnevern, og reduksjon av stillingar.

Fredag 11. april vart Bremanger kommune sine forslag til innsparingstiltak klar. Heile lista ligg ute på Svelgen.no

Kommunen har sett seg som mål å spare 10 millionar i løpet av året. Neste år vil Bremanger spare 20 millionar. Som kjent har kommunen tapt over 180 millionar kroner på Terra- skandalen, og har fått ein frist på fire år til å spare inn dette.

Med forlaget til innsparingar som no er lagt fram sparar kommunen berre under halvparten av det dei er pålagt å spare årleg av Fylkesmannen.

Kuttlista som er lagt fram går spesielt ut over skulebarn, barnehagebarn, innvandrarar, barn i barnevernstiltak, og tilsette og pasientar i pleie og omsorg.

22. april skal kommunestyret i Bremanger ta stilling til denne kuttlista.

Mindre til kultur

Innan kultur vil kommunen mellom anna fjerne midlane til kulturpris, bibliotekavtale for Berle og Kolset og Kalvåg bibliotekfilial.

Det er også framlegg om å kutte heile summen som går til kulturmidlar, over 300 000 kroner. I tillegg er det framlegg om å legge ned Davik bibliotekfilial, redusere kulturskulen og auke betalingssatsane der.

Kommunen vil også redusere sosialhjelpa til flyktningar.

Kutt i barnevern

Innan barnevern vil kommunen redusere tiltaka med 580 000 kroner i år, og heile 780 000 kroner årleg i 2009 - 2011.

Det er også framlegg om å legge ned legekontoret i Davik, og kun oppretthalde det som legevaktkontor.

Det er også lagt opp til at ein ikkje skal sette igang nye prosjekt eller aktivitetar ved bruk av psykiatrimidlar.

Midre til skule

I framlegget til innsparingstiltak ligg det også avvikling av ordninga med frukt og grønt i skulane, stenge basseng i Davik og Kalvåg og halvårsope basseng Hauge.

Innan barnehage er det lagt opp til reduksjon i bemanninga på 10 prosent, nedlegging av Berle barnehage, 20 % reduksjon i materiellet til barn, auke pris på deltidsplassar og redusere administrasjonsutgiftene. Ordninga med 2 pedagogar i kvar barnehageavdeling vert mellombels oppheva, men dei som har stillinga beheld den.

Det er også lagt opp til å kutte spes. ped. med heile 1/3.

Andre tiltak er auka betaling SFO, 20 % reduksjon i materiell til skuleelevar, og redusere merkantilt personale innan oppvekst.

Kutt i pleie- og omsorg

Innan pleie- og omsorgssektoren er det forslag om å redusere med ein driftssjef, slå saman nattevakt for Hauge og Haugetun, redusere med ei dagvakt på Hauge, redusere administrasjonstid for fagleiarar, redusere bemanning i Svelgen med 0,8 årsverk, redusere 0,2 årsverk i heimehjelp, og kutte 0,4 årsverk i heimehjelp Davik.

Kutt i teknisk

Det er også fleire innsparingstiltak innan teknisk som er foreslått. Oppseiing av kailys på 8 kaier, regulert telefontid/besøkstid, fjerne årsverk innan vedlikehald i Svelgen, redusere bilforsikringar, auke gebyr og regulere veglys er nokre av tiltaka.

Ein vil også gå igjennom brøyteavtalar, brannordninga, vurdere å selge kommunale bygg og sjå på vassavgift til industrien.

Ostehøvel

Bremanger vil bruke ostehøvel- prinsippet til å spare mellom 10 og 40 % på budsjetta for forbruks-/kontormateriell, porto, kurs, vikarar, overtid, servering på møter, reise/diett med meir, innan alle einingar i kommunen. Arbeidsmiljøtiltak vert halvert.