Gå til sidens hovedinnhold

Har rett på kompensasjon

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Så lenge innbyggjarane i Svelgen må koke vatnet frå krana, har dei rett på både redusert vassavgift og kompensasjon for innkjøpt drikkevatn, ifølgje forbrukarkjøpslova.

Det opplyser rådgjevar i Forbrukarrådet i Hordaland/Sogn og Fjordane, Janne Pedersen.

– Forbrukarkjøpslova gjeld kjøp av varer, også kommunalt drikkevatn. Så når kommunen går ut med eit kokepåbod, kan forbrukarane med heimel i lova krevje erstatning for utgiftene dei har i samband med innkjøp av drikkevatn, i tillegg til å krevje redusert vassavgift i perioden med slikt påbod. Det er forventa at ein i Norge skal kunne drikke vatnet som kjem ut av springen, og kan ein ikkje det, er det ein varemangel, fortel Pedersen. Han presiserer at når vatnet ikkje er i samsvar med krav i drikkevatnforskrifta, så er det ein klar mangel.

Og ifølgje denne forskrifta skal det vere nullførekomst av koliforme bakteriar, bakteriar som altså er påviste i drikkevatnet i Svelgen.

Krav på reint vatn

Ho er heilt klar på at forbrukarane som betaler vassavgift til kommunen, har krav på reint vatn som kan drikkast utan koking.

– Leverandøren av drikkevatn, i dette tilfellet Bremanger kommune, har eit objektivt ansvar for kvaliteten på vatnet, og då også for manglar ved produktet dei leverer. Uavhengig av aktløyse, og om vassproblemet er innanfor kommunal kontroll. Det er kommunen sitt ansvar, og dei må iverksetje betringstiltak innan rimeleg tid og rette opp feilen.

Pedersen seier at så lenge kokepåbodet gjeld, så må kommunen dekke utgiftene innbyggjarane har med å kjøpe drikkevatn i butikken.

Dekkje utgiftene

– I ein sånn situasjon vil dei aller fleste velje å kjøpe vatn, i staden for å koke det. Å koke vatn tek tid og krefter, og ein vil jo som regel avkjøle det før ein drikk det. Så det at ein kjøper vatn i staden for å koke det, er forståeleg, og ein må kunne krevje utgiftene dekte, innan rimelege grenser.

Pedersen strekar under at ho ikkje kjenner den konkrete saka, eller årsaka til at vatnet i Bremange må kokast, men ho dreg parallellar til giardia-saka i Bergen.

– I Bergen fekk innbyggjarane kokepåbod på drikkevatnet over ein lengre periode, og der betalte Bergen kommune ut erstatning, opplyser ho.

Klag og dokumenter utgiftene

Pedersen rår forbrukarane til å klage til Bremanger kommune, men synest det er vanskeleg å sei ein konkret sum når det gjeld erstatning.

– Det avheng av kor store utgifter ein har som følgje av mangelen. Her må ein ta vare på kvitteringar for vasskjøp for å dokumentere utgiftene ein har.

Ho meiner uansett at det beste er om kommunen no tek ansvar og går i dialog med innbyggjarane.

– Kommunen bør gå i dialog om korleis problemet kan løysast og vurdere ein reduksjon i vassavgifta, i tillegg til ein lik erstatningssum for alle for den perioden det har vore kokepåbod. Det viktigaste er uansett at kommunen iverkset naudsynte tiltak for å betre kvaliteten på vatnet, avsluttar Pedersen.