Gå til sidens hovedinnhold

Har opna ny frisørsalong i sentrum

Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Industribygda har fått sin tredje frisørsalong. I går tok Helene Hessvik og Kristin Sundal imot dei første kundane sine i lyse og trivelege lokale midt i Svelgen sentrum.

Dei to nyetablerarane håpar at frisørsalongen, som har fått namnet Labello, skal gje levebrød til to årsverk, og dei er optimistar.

– Vi veit at det er behov for fleire frisørar i Svelgen. Sjølv om det er to salongar her frå før, så er det ofte lang ventetid for å få time. Difor har mange reist til Florø og andre stader for å få klipt seg, og det håpar vi at vi kan få gjort noko med. Vi ynskjer å vere eit supplement til dei to frisørane som er her frå før, seier Helene Hessvik.