Gå til sidens hovedinnhold

Har ikkje fått svar etter "oppvaskmøte"

Artikkelen er over 9 år gammel

Ap har ikkje fått tilbakemelding frå regjeringshald etter sitt såkalla oppvaskmøte om 420 kV-linja i Oslo førre veke.

OED avviste Sivilombodsmannen si klage på vedtaket om å føre 420 kV-linja gjennom bygdene Storebru og Eikefjord. Det skjedde dagen etter at Ap i fylket hadde møte med statsministerens kontor.

- Vi arbeider framleis for å endre linjetraséen, presiserer leiar Solveig Willis i Flora Ap, og avviser at dei har drøfta avbøtande tiltak for lokalsamfunna i Eikefjord og Storebru.

Flora Ap vil ha linja vekk frå bygdene Storebru og Eikefjord, eit alternativ som Willis meiner blei kutta ut frå prosessen i 2009.

- Flora AP og Sogn og Fjordane AP har ikkje fått svar frå OED etter møtet vårt med SMK den 6.desember. OED har svart Sivilombudsmannen 7. desember. Vi har ikkje hatt møte med OED, men er skuffa over svaret dei har gitt Sivilombodsmannen. Vi er ikkje einig i det som står i det svarbrevet, og meiner det er klare saksbehandlingsfeil, som Sivilombudsmannen også peiker på, seier Willis.