Har funne 6000 år gamle buplassar

Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Langs vegtrasèen til del to av Bremangersambandet har arkeologar dei siste vekene gjort funn som fortel om fast busetjing i området allereie for 6000 år sidan.

DEL

Funna vil ikkje få konsekvensar for vegbygginga.

Sidan 20. april har seks arkeologar tilknytta Bergen Museum og universitetet i Bergen jobba seg gjennom lag på lag med jord på fem ulike lokalitetar på Kolset, langs den nye vegtrasèen til del to av Bremangersambandet.

– Vi har gjort veldig mange interessante funn i området, mellom anna er vi no på sporet av tidleg jordbruk på slutten av steinalderen og byrjinga av bronsealderen, fortel prosjektleiar Trond Lødøen.

Historiske funn

I tillegg har arkeogogane også gjort materielle funn frå dei fleste periodane frå eldre steinalder og fram til middelalderen. Det er også funne restar av keramikk og andre gjenstander frå kontinentet, som skriv seg frå etter reformatorisk tid.

– Dreg vi tråden til tidlegare funn i Skatestraumen og Vingen, kan vi slå fast at her på Kolset snakkar vi om eit fangstsamfunn med mange busetjingar, som mot slutten av yngre steinalder også utvikla eit ganske omfattande jordbruk. Fiske og fangst var framleis hovudnæringa, og den gode tilgangen på fugl, fisk og andre sjøpattedyr i området, var nok grunnen til at folk slo seg ned akkurat her. Funna i Skatestraumen og Vingen er frå litt andre tidsperiodar, og fortel om eit meir omflakkande levesett, med færre faste busetjingar, held Lødøen fram.

Komplett historie

Utgravingane på Kolset viser også at dei ulike lokalitetane hadde ulike bruksområde. Medan den første lokaliteten viser dyrka mark, vitnar restar av trekol på den fjerde lokaliteten at her har det tydeleg vore ein avfallsplass. Den femte lokaliteten var truleg ein utsynsplass, der dei speida etter båtar og sjødyr.

I tillegg til dei arkeologiske utgravingane, blir det også føreteke ei omfattande botanisk undersøking i det same området. Tysdag var fire botanikarar på plass for å ta jordprøver og pollenprøver, for å kartlegge kva som har vore dyrka her i dei ulike tidsepokane, om kva plantar og tre som vaks i området, om beiting og dyrehald.

– Vi håpar at alle desse undersøkingane til slutt vil gje oss ei komplett historisk oversikt over området her, fortel Trond Lødøen.

Ingen konsekvensar

Han presiserer at dei mange funna ikkje på nokon måte vil få konsekvensar for framdrifta av del to av Bremangersambandet.

– Nei, jobben vår er å dokumentere og sikre materialet. Vi har ein god dialog med Vegvesenet, som alltid har vore ein svært ryddig samarbeidspartnar. Om vi skulle finne spor som må vernast spesielt, finn dei alltid ein måte å løyse utfordringa på, seier han vidare.

Dei seks arkeologane held fram med utgravingane på Kolset i enno nokre veker, arbeidet skal vere avslutta 19. juni.

Artikkeltags