Har du logga deg inn?

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

No får du som abonnent tilgang på alt innhald i Firdaposten, med ein gong det er produsert.

DEL

Du har kanskje fått med deg at papiravisa har fått eit friskt og meir oversiktleg design. Dette er første ledd i ei omstilling av korleis Firdaposten kjem til å tenke og produsere avis framover. Frå no av kjem Firdaposten i ei meir moderne drakt enn tidlegare; både på papir, men også på nett.

Frå og med 24. september kjem vi til å gje alt vårt digitale innhald til alle de som abonnerer på Firdaposten. Det gjeld sjølvsagt papiravisa, men også eavisa på nett og mobil.

Ei følge av dette er at frå i dag av vil einskilde av sakene på Firdaposten.no berre vil vere tilgjengeleg for deg som er abonnent. Likevel, mesteparten av det som blir publisert på Firdaposten.no vil vere tilgjengeleg for alle.

Betaling for nettinnhald

For det er ikkje til å stikke under ein stol at Firdaposten som andre aviser, slik dagens mediekvardag har blitt, vil ha utfordringar med å tilby alt stoff som blir produsert gratis på nett.

– Som alle andre aviser må også vi byrje ta betalt for innhaldet vi produserer. Dette er eit første steg på vegen dit, seier ansvarleg redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten.

Men på sikt vil nettopp det å måtte ta betalt for digitale avisprodukt, gagne deg som abonnement, meiner Vee.

– Klarer vi å løfte det digitale inntektsnivået, gjer det også at vi i større grad klarer lage gode nettbaserte produkt for lesarane våre, understrekar han.

Enklare abonnement

Frå og med 24. september tilbyr Firdaposten no tre abonnementstypar skreddarsydd etter korleis du bruker avisa:

Om du har eit komplett abonnement vil du få papiravisa i postkassa tre dagar i veka, samstundes som du får tilgang til alt digitalt innhald. Du kan også ha eit abonnement som gjev deg tilgang på alt digitalt innhald, i tillegg til at du får papiravisa på laurdag. Og til sist kan du ha eit reint digitalt abonnement.

I tillegg til dette opnar vi no opp den digitale tilgangen for abonnentane sine familiemedlemmer. Med andre ord kan opp til fem personar i same hushaldet dele det same abonnementet. Familiemedlemmer kan registrere seg sjølve, heilt utan medverknad frå abonnenten sjølv. I starten av oktober vil det kome funksjonalitet som let abonnenten invitere familiemedlemmer, men denne er førebels ikkje tilgjengeleg.

– Vi har jobba mykje med å lage enkle og greie modellar. Vi har også hatt fokus på at dette ikkje skal koste meir for deg som abonnent, seier Vee.

Slik gjer du

For å få tilgang til alt innhald, må du no logge deg inn. Det gjer du ved å gå inn på firdaposten.no/eavis eller her firdaposten.no/meirinnhald. Du kan også logge deg inn via "Mi side"-knappen øvst i fana på Firdaposten.no.

For at alle familiemedlemer skal få tilgang til alt innhald, må dei registrere seg som aID-brukarar. Dette gjer ein anten på firdaposten.no/eavis eller her firdaposten.no/meirinnhald. Med familiemedlemmer meiner vi i hovudsak dei som høyrer til same husstanden som abonnenten.

Artikkeltags