Har 1000 liter stort akvarium i stova

ENTUSIAST: Monicha Landøy har jobba og brent for dyr hele livet, og jobbar til dagleg med utstopping av dyr. Det var mellom anna Landøy som stoppa ut den etterkvart kjente bjørnen som besøkte fylket vårt i fjor.

ENTUSIAST: Monicha Landøy har jobba og brent for dyr hele livet, og jobbar til dagleg med utstopping av dyr. Det var mellom anna Landøy som stoppa ut den etterkvart kjente bjørnen som besøkte fylket vårt i fjor. Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Monicha Landøy vil opne kjempeakvarium i Florø sentrum. Og dette vil ho truleg klare, takka vere hjelp frå ein særs tolmodig familie.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

I eit halvt år har Landøy jobba med å få fisk og plantar til å florere i eit tusen liter stort akvarium. I kjellarstova heime.

Sette foten ned

– Eg ville opphaveleg ha akvariet i hovudstova, men då sette sambuaren foten ned, ler Landøy.

– Derfor hamna akvariet i kjellarstova som eldstesonen min bruker til soverom. Det er ein populær attraksjon når han får vener på besøk, legg Landøy til.

Takka vere den tolmodige familien hennes ser det ut til at Florø snart får sitt eige akvarium.

Attraksjon på vent

Planen til Landøy er å opne eit 25 000 liter stort akvarium i sentrum. I tillegg til å vere ein plass for ungar å lære om livet på kysten er tanken at akvariet skal vere ein attraksjon for turistar som kjem til byen.

Men Landøy kan ikkje seie når dette skjer heilt ennå.

– Mange spør om ikkje akvariet kjem snart. Eg kan ikkje svare på når det skjer ennå, fordi eg framleis er i prosjektfasen, og no snart skal søke Innovasjon Norge om midlar på nytt, til neste fase.

Spesiell metode

– Men det eg kan seie er at det ser veldig fint ut, seier Landøy entusiastisk. Landøy er generellt veldig entusiastisk når det gjeld alt som har med dyreliv å gjere, til dagleg driv ho Florø-firmaet FloraFauna.

Det var mellom anna Landøy som stoppa ut den mykje omtala bjørnen som besøkte fylket vårt i fjor.

Akvarieprosjektet er eit samarbeid med Høgskulen i Sogndal og marinbiolog Finn Christian Folderup. Årsaken er at akvariet drivast etter ein spesiell metode kor ein ikkje skiftar ut vatnet, men heller reinskar det etterkvart. Slik blir fargane i akvariumet finare.

Som husdyr

I følgje sakshandsamar i Innovasjon Norge, Sjur Sakse, er det stor sannsynlegheit for at Innovasjon Norge vil støtte akvarium-prosjektet vidare. Og det er truleg nok ein lettelse for familien til Landøy.

– Akvariet skal inneholde liv frå vår eigen kyst, noko som gjer at vatnet må holdast kaldt heile tida. Så straumrekninga har blitt ein god del høgare det siste halvåret, for å seie det slik, seier ho, og legg til:

– Fisken har det godt og veks fort, snart må vil til å kvitte oss med nokre av dei.

– Då blir det fisk til middag?

– Nei, nei, eg vil ikkje klare å ete fisken. Det blir jo nesten som å ete sine eigne husdyr! avsluttar Landøy.

BILDE: Akvarium i Florø

Artikkeltags