På eitt år har Haptiq vakse frå tre til 14 tilsette. No flyttar Victor frå Beograd til Florø for å jobbe i selskapet.

FRÅ BEOGRAD TIL FLORØ: Viktor Ardeljan (t.v.) er på plass i Florø og her i lokala til Haptiq. Til høgre med-grunnleggar Chester Laquian.

FRÅ BEOGRAD TIL FLORØ: Viktor Ardeljan (t.v.) er på plass i Florø og her i lokala til Haptiq. Til høgre med-grunnleggar Chester Laquian. Foto:

FLORØ: Florø sitt ferskaste teknologiselskap er i vekst.

DEL

Selskapet vart oppretta i januar 2018, og hadde sitt utspring i MOX interaktive. Med på laget har dei fleire erfarne og høgt kompetente personar, mellom dei Chester Laquian frå Florø. Haptiq har sitt utspring frå spelbransjen og satsar tungt på interaktiv 3D-teknologi. No har dei auka staben til 14 personar. Det nyaste tilskotet til stammen er serbiske Viktor Ardeljan. Han flyttar med kona frå Beograd til Florø.

– Vi er strålande nøgde med å få Viktor Ardeljan på plass i Florø, der utviklingsteamet no jobbar på fleire store prosjekt. Tilsettinga er heilt i tråd med det som har vore planen for fjoråret, seier dagleg leiar Ståle Lund-Andersen til Firdaposten.

Frå 3 til 14 på eitt år

Frå oppstarten i januar har Haptiq vakse frå tre til fjorten personar, og har i den same tidsperioden omsett for tre gonger så mykje som dei sette som mål ved oppstarten. Selskapet signerte kundekontraktar for nærare 7 millionar kroner i løpet av 2018. Målet var 2 millionar.

– Det er ein prestasjon vi er stolte av. No riggar vi Haptiq for 2019 og bygger eit fantastisk team som er klare for å ta unna den stadig aukande etterspurnaden etter større prosjekt. Vi skal vere i internasjonal toppklasse og levere premium løysningar. Då er vi heilt nøydde til å hente kompetanse også frå ein internasjonalt marknad, og har lykkast med å rekruttere Ardeljan gjennom nettverket vårt ute i Europa. Det at ein av hans kaliber flyttar til Norge – og Florø – for å jobbe for oss, er eit teikn på at vi er attraktive med dei spennande og utfordrande prosjekta vi har i ordreboka, seier Lund-Andersen.

Ardeljan kastar seg no over eit prestisjeprosjekt som Haptiq gjer for Helse Vest Førde, der ein gjennom interaktiv 3D-simulasjon og eit verktøy vil kunne ha stor innverknad på mange menneske sin kvardag. I tillegg vil han vere ei viktig brikke i eit prosjekt Haptiq gjer for ein kunde i Oslo. Lund-Andersen vil ikkje gå ut med detaljar før det blir lansert, men det er ifølge han eit prosjekt som kjem til å vekke oppsikt langt utanfor Norges grenser.

Av prosjekt Haptiq jobbar eller har jobba med er mellom anna ein digital tvilling av det nye World Ocean-bygget Røkke ønsker å bygge på Fornebu. Dei jobbar også med å lage ein digital visningsby for ABC Hus, der potensielle kundar på nettlesaren kan vandre rundt i nabolaget for å sjå på hus. Så har dei laga ein digital visning av korleis det gamle Shell-bygget i Oslo kjem til å sjå ut etter at det blir restaurert.  I tillegg skal dei i år i gang med prosjekt innan helsesektoren, kultur, retail og industri.

(Artikkelen held fram under bildet.)

I NORGE: Viktor Ardeljan og kona Mirela.

I NORGE: Viktor Ardeljan og kona Mirela. Foto:

Gler seg

Viktor Ardeljan er spesialist innan avansert 3D-modellering, og han meistrar fleire sentrale område innanfor 3D-modellering for 3D i sanntid, som er Haptiq sitt spesialfelt.

– I tillegg har han uvurderleg erfaring frå fleire europeiske selskap innanfor arkitektur og spelutvikling. Med den bakgrunnen er det sjølvsagt at vi gler oss til å få han inn i teamet, seier med-grunnleggar Chester Laquian.

Viktor sjølv ser fram til å jobbe i selskapet.

– Eg bestemte meg for å komme til Norge då eg fekk sjansen til å jobbe i eit team som held høg internasjonal klasse. Det gjer at eg også kan utvikle meg og få ny erfaring. Eg reknar med at eg blir utfordra med prosjekt og problemstillingar på dagleg basis. Eg gler meg til å komme i gang, det blir veldig spennande.

Og førsteinntrykket av Florø er utelukkande positivt.

– Det første eg beit meg merke i er den vakre naturen og alle varme, omtenksame menneske eg har møtt. Uansett kor eg snur meg er det eit vakkert syn. Eg håper at Norge kjem til å like meg også, og eg gler meg til å bli kjend med staden og alle menneska som bur her, seier Viktor.

Artikkeltags