Gå til sidens hovedinnhold

Håpar på flygning 09.00

Artikkelen er over 14 år gammel

FLORØ: Florø Lufthamn har vore stengt sidan i går kveld grunna problem med naudstraumsaggregatet. Eletrikarar jobbar no på spreng og Avinorsjef Siv Merete Stadheim håpar straumen skal vere på plass til klokka 09.00.

Utan naudstraumsaggregat kan ein ikkje halde ein flyplass i Norge open. Så då det vart komplikasjonar med naudstraumsaggregatet i Florø i går måtte flyplassen stengast av.

- Vi håpar at straumen skal vere på plass til klokka 09.00 slik at flya kan gå, seier Stadheim. Ho fortel at eletrikarar frå

NBN, Avinor sine eigne eletrikarar og backuppersonell i frå Oslo er på plass i Florø for å få trafikken ved Flyplassen i Florø opp å gå igjen.