Gå til sidens hovedinnhold

Hanna og Ingrid skal opne Keilevågbrua

Artikkelen er over 7 år gammel

Førstkomande onsdag får to tolv år gamle jenter æra av å klippe snora som skal markere gjenopninga av Keilevågbrua. Det skjer etter 1094 dagar med stenging.

For litt over to år sidan samla den gong 10 år gamle Hanna Høidal og Ingrid Blancheflor Dyrli inn 2231 kroner til favorittbrua si over Keilevågen. Dette sette fart på ein større lokal aksjon for å skaffe pengar til brua, etter at alt såg ut til å stå i stampe i ei byråkratisk smørje. Hanna hugsar framleis summen, fordi det var ho som talde opp pengane.

Baka for bru

Onsdag får dei to jentene, som no er vortne 12 år gamle og går siste året på Florø barneskole, æra av å klippe snora for den offisielle gjenopninga av brua.

– Det vert litt rart. Eg trudde ikkje at dette skulle verte så stort smiler Ingrid Blancheflor Dyrli.

– Eg diggar det litt. Kan hende vi lagar ei ny kake som vi kan gje vekk, legg Hanne Høidal til.

Det var nettopp kakebaking og sal til inntekt for brua som var opptakta til aksjonen, og fekk Sparebanken Sogn og Fjordane til å ta opp hansken og utfordre andre bedrifter og privatpersonar til å gje pengar – så skulle banken doble summen.

På den tida stod bruprosjektet heilt i stampe, i vente på omorganisering av musea i Sogn og Fjordane og manglande offentlege bidrag. I dag, etter ein årelang kamp om pengar til finansiering av brua, er det igjen muleg å gå tørrskodd over – 1094 dagar etter at det vart oppdaga pålemakk i dei berande brupælane.

Keilevågbrua har fått heilt nye fundament og ein ny konstruksjon som skal vare. Også andre delar av brua er skifta ut. berre sjølve golvet ligg att, litt sleipt og glatt som det alltid har vore.

Glade i brua

– Eg har alltid vore veldig glad i brua. Då vi var yngre leika vi mykje på holmen der geitene var, fortel Hanna.

Ho er den av dei to venninnene som vil merke mest til at brua no er opna att. Hanna bur med familien på ein holme inne i museumsområdet, og hadde kort tur over bruene til Kystmuseet på den andre sida. Dei siste åra har ho måtta sykla ein lang omveg for å komme dit.

– Eg er også veldig glad i brua. Vi pleidde å symje under den. Det var kjekt, seier Ingrid.

Det heile starta med at dei to jentene tenkte dei skulle samle inn pengar for å hjelpe fattige.

Så overhøyrde Hanna ein samtale mora Merethe hadde med ei venninne om at brua ikkje kom til å opne att før dei var pensjonistar.

– Det fekk oss til å tenke på at vi like godt kunne tene pengar til å reparere den øydelagde brua.

Det er to særdeles snakkesalige og fantasifulle jenter som snart skal stå for opninga. Dei likar å kalle seg både «nerdar» og «geek», og er stolte av det.

– Skriv i alle fall at vi elskar å lese,?helst «Doctor Who» og andre ungdomsbøker. Og så likar vi film og seriar, og er eg veldig glade i å bade og teikne, fortel Ingrid.

– Og så kan eg vere litt kortsint men Ingrid kan vere litt irriterande. Likevel er vi aldri uvenner seier Hanna.

Kommentarer til denne saken