Ny Intersport-logo, same folka

Elin Navekvien og Evy Støylen ved G-SPORT i Florø.

Elin Navekvien og Evy Støylen ved G-SPORT i Florø. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Ikkje få panikk om du ser at dei skrur ned skilta til G-SPORT på Amfi neste torsdag. Butikken endrar berre namn.

DEL

Gresvig reindyrkar sine butikkonsept, noko som blant anna inneber at nærare 40 G-SPORT-butikkar no skal bli omprofilert til Intersport. Gresvigeig og driv kjedekonsepta G-SPORT, G-MAX og Intersport i Norge. Ein av desse som blir omprofilert til Intersport er G-SPORT på Amfisenteret.

– Kundane våre kjem ikkje til å merke noko skilnad. Vi er akkurat dei same folka, og vi vil vere like mange tilsette når vi blir Intersport. Sortimentet blir stort sett som før, men vi kjem til å opne opp for nye merker, seier franchisetakar for butikken på Amfi, Evy Støylen, til Firdaposten. Og ho presiserer:

– Avtalane med Spenst, Florø Fotball og Flora Turlag, vil bli vidareført som vanleg. Og det vil vere mogleg å bruke G-SPORT gåvekort i butikken, sjølv etter at vi er blitt Intersport.

Neste torsdag held butikken stengd, medan dei endrar butikklogoar. Fredag opnar dei att som vanleg, men då som Intersport.

G-SPORT Florø

  • Eigd av Olin Johanne Henden.
  • Ho kjøpte butikken i 2003, og har sidan drive den som G-SPORT.
  • Butikken har i dag 6 tilsette.

Artikkeltags