Slapp av, det er berre dei tilsette på Eurospar som går igjen mellom hyllene

Frå v.:Hilde Grotle, Victoria Halvorsen Midtbø, Samira Saldic, Elise Aagesdatter Eide.

Frå v.:Hilde Grotle, Victoria Halvorsen Midtbø, Samira Saldic, Elise Aagesdatter Eide. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I dag tysdag er det halloween. For tredje året på rad har nokre av dei ansatte på Eurospar Krokane kledd seg ut for anledninga.

– Dei aller fleste ler og syns det er morosamt, og det hender at born som kjem innom vil ta bilde med oss, seier Hilde Grotle, som er ein av dei som har kledd seg ut.

Hilde Grotle

Hilde Grotle Foto:

Elise Aagesdatter Eide stod opp kvart på fem i dag tidleg for å sminke seg. Ho har born på 5 og 8 år. For desse er Halloween ei aldri så lita høgtid.

– Det var ikkje noko vanskeleg å få dei opp i dag. Dei var veldig spente på korleis mamma såg ut i dag, smiler ho.

Elise Aagesdatter Eide

Elise Aagesdatter Eide Foto:

Butikksjef Steinar Svardal var ikkje med på stuntet, og påpeika at nokon trass alt må gå i Eurospar-uniform på jobb:

– Eg er glad dei andre her tar all merksemda, så slepp eg å få det – for ein gangs skuld. Eg trur nok arbeidsinnsatsen går ned nokre hakk, men trivselen går opp, seier han og legg til at Halloween-salet går så det susar:

– Vi selde ut alle gresskara vi tok inn. Totalt 220 kg, og vi kunne nok selt meir men Bama gjekk tom i førre veke.

På Europris kan butikksjef Thomas Mikkelsen fortelje om ein liten auke på fem til seks prosent på salet av smågodt, samanlikna med fjoråret. Og han reknar med at det kan stige til så mykje som 10 prosent i løpet av dagen.

Europris har lagt seg på ein litt lågare pris enn vanleg, men same hektopris som tidlegare år.

– Salet tar seg veldig opp til Halloween, men vi har ingen planar om å kle oss ut slik dei har gjort på Eurospar. Tradisjonen med Halloween har ikkje heilt sett seg her til lands enno, og det er veldig lite i Florø, trur eg, seier Ingelin Bjørkaas.

Samira Saldic

Samira Saldic Foto:

Artikkeltags