Neppe fullt frislepp på søndagar

Florø har allereie søndagsopne matbutikkar, men her ligg "Brustadbru"-prinsippet i botnen med klare avgrensingar, særleg på areal. No har eit regjeringsutval føreslege oppmjukingar, men LO steilar.

Florø har allereie søndagsopne matbutikkar, men her ligg "Brustadbru"-prinsippet i botnen med klare avgrensingar, særleg på areal. No har eit regjeringsutval føreslege oppmjukingar, men LO steilar.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Snart kan du kanskje handle i fleire butikkar på søndagar - og til lengre opningstider. Men noko kvardagshandel blir det neppe på kviledagen.

DEL

Torsdag fekk kulturminister Linda Hofstad Helleland innstillinga "På ein søndag", som er ein NOU-rapport med tilråding om korleis framtidas søndagshandel her i landet skal vere.

Utvalet slår fast at det ikkje er politisk fleirtal for ei full liberalsering av handling på søn- og heilagdagar, men utvalet tilrår likevel ei liberalisering av dagens ganske stramme regime.

Signala frå det regjeringsoppnemnte utvalet, får LO til å rasle med sablane:

- Om dette går gjennom, ser vi slutten på søndagen som ein litt annleis dag er dei fleste kan ha fri og bruke tida si med familie og til fritidsaktivitetar. Det vil vere dårleg likestillingspolitikk, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Han står fast på at dagens søndagsregulering må liggje fast, og han forventar at mindretalet i utvalet er betre i takt med stortingsfleirtalet i saka.

 

 

Artikkeltags