Karen skal styre Byen Vår Florø

OPTIMIST: Tidlegare i haust tok Karen Cassells over som styreleiar i Byen Vår Florø. Stadige nyetableringar i Strandgata gir ho tru på at kystbyen i handelsskuggen av Førde, har ei framtid.

OPTIMIST: Tidlegare i haust tok Karen Cassells over som styreleiar i Byen Vår Florø. Stadige nyetableringar i Strandgata gir ho tru på at kystbyen i handelsskuggen av Førde, har ei framtid. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Byen Vår Florø har fått ny styreleiar, og Karen Cassells har trua på å dyrke «annleis-handleopplevinga».

DEL

– Kva som er største utfordringa av netthandel, Førde-lekkasje og Bergen? Ja, sei det. Personleg trur eg netthandelen er den største utfordringa lokal handelsstand i Florø står overfor. Større enn at vi handlar no og då i Førde og i Bergen når vi er på tur. Vi står i fare for å misse ein heil generasjon av ungdommar som handlande, fordi dei tyr til nettet. Men det er råd å gjere noko med.

Det seier nyvalt styreleiar i Byen Vår Florø, Karen Cassells, som no får hovudansvaret i lag med Barbro Furset og Per Øyvind Helle for å løfte fram aktiviteten i ei gate som er aldri så lite i siget for tida.

To nye, snart tre

– Ja, vi har to nyetableringar i Strandgata siste månaden, og ein til er på gang. Viljen og ønsket om å drive handel i denne fantastiske, særprega gata er faktisk til stades og i høgste grad levande. Og vi skal støtte opp om alle aktørar best vi kan, seier Karen, som sjølv har fått føle på kroppen korleis det er å jobbe i motbakke det siste året.

Sportsbransjen er beintøff konkurransemessig, og eg såg kva veg det bar.

Karen Cassells, ny styreleiar i Byen Vår Florø

– Ei god stund før vi kasta korta på MX Sport, hadde eg signalisert at eg ønskte å gje meg. Sportsbransjen er beintøff konkurransemessig, og eg såg kva veg det bar. Det tok då heller ikkje lang tid frå nedlegginga i Florø, til heile kjeda takka for seg og la inn årane, konstaterer Cassells, som seier at MX-åra likevel blei ei erfaring som ho tek med seg vidare.

Snart i gang med noko nytt

– Kva er planane no, spør vi Cassells, og får eit lurt smil tilbake:

– Eg har fleire, og skal bestemme meg ganske snart. Om eit par veker så tek eg ei avgjerd, seier ho, utan å ville røpe noko meir.

Barbro og Per Øyvind er utrulege. Dei står på heile vegen, jobbar langt meir timar enn det dagsverket dei deler til saman. Eg skulle ønskt vi hadde ressursar til å bruke dei endå meir.

Karen Cassells

Det ho derimot snakkar villig om, er innsatsen som Byen Vår-duoen legg ned for tida.

– Barbro og Per Øyvind er utrulege. Dei står på heile vegen, jobbar langt meir timar enn det dagsverket dei deler til saman, og dei skal ha utruleg skryt for å profilere oss og dra i gang prosjekt etter prosjekt med den entusiasmen dei legg for dagen, seier Karen.

Skulle gjerne gire opp litt til

Om ho skulle ønskt seg noko meir, så måtte det vere litt ekstra ressursar for at dei to halve årsverka kunne girast opp endå litt meir.

– Vi jobbar med lysprosjektet no, og det blir jobba godt med julemarknaden. Begge desse prosjekta meiner eg marknadsfører Florø og sentrum som noko litt annleis enn det ein til dømes finn i Førde. Vi kan kanskje ikkje konkurrere fullt ut på utval og breidde, men vi kan tilby noko litt annleis. Det trur eg er rette vegen å gå, ut frå føresetnadene våre, seier styreleiaren.

Tek tempen på 2018

Neste veke startar Byen Vår Florø ein dialogrunde med dei næringsdrivande, for å kartleggje korleis 2018 ser ut til å bli.

– Vi har hatt ein litt spesiell sommar og vår reint vermessig. For enkelte næringar kan dette sikkert ha slått positivt ut, for andre kan det sjå motsett ut. Det blir spennande å få eit overblikk over korleis stoda er, og det må vi skaffe oss, for at våre tiltak skal fungere best mogleg, seier Cassells.

Artikkeltags