– Skulle gjerne hatt parkering på torget i kveld

SPÅR TRØKK I BYEN: Senterleiar ved Amfi Rolf Arne Rognaldsen er spent på korleis parkeringssituasjonen utviklar seg fredag kveld, under årets første kveldsope.

SPÅR TRØKK I BYEN: Senterleiar ved Amfi Rolf Arne Rognaldsen er spent på korleis parkeringssituasjonen utviklar seg fredag kveld, under årets første kveldsope. Foto:

Av

FLORØ: Med 100 parkeringsplassar i manko på grunn av utbygging, er Amfisenter-leiar Rolf Arne Rognaldsen spent på korleis kveldsope i Florø vil arte seg i kveld.

DEL

– Det er klart dette kan bli krevjande. Vi har kun parkeringa på sørsida av senteret no, og med hundre plassar avstengt på nordsida, blir det spennande å sjå. Kanskje vi må oppmode florøværingane å spasere eller sykle i godveret, humrar Rognaldsen, før alvoret tek han:

– Det finst jo alternativ parkering, som Florø Parkering har påpeika i Firdaposten tidlegare. Problemet er at delar av desse plassane ligg for usentralt. Skal handel i sentrum fungere, må folk få parkere i sentrum også, slår han fast.

Ventar på torg-parkering

Rognaldsen er skuffa over at forslaget frå eks-ordførar Bengt Solheim-Olsen tidlegare i haust, då han tok til orde for å opne torget for parkering, for å hjelpe både butikkane i gata og Amfisenteret med alternativ parkering gjennom ein utbyggingsperiode, framleis ikkje har resultert i noko.

– Det ville vore ei god løysing å «låne» torget, men så vidt eg veit, har ingenting kome ut av dette så langt, seier Rognaldsen.

Men der tek senterleiaren feil, ifølgje Per Øyvind Helle i Byen vår Florø:

– Vi har søkt og fått innvilga løyve om å få bruke torget til parkering. Det vil vere oppe og gå i løpet av dei neste 14 dagane, fortel Helle.

 Det vil imidlertid ikkje kome årets første kveldsope til gode.

– Men kveldsope blir det uansett, og eg har trua på at det skal gå fint. November og desember er årets to viktigaste månader for både Amfi og for handelsstanden forøvrig. Difor er det viktig at folk sluttar opp om tiltaka våre, seier senterleiaren.

Senkar ikkje terskelen for feilparkering

dagleg leiar i Florø Parkering, Jan Harald Arnesen viser elles til at det er gratisparkering i Strandgata frå klokka 17 og på Jens Helmers plass frå klokka 19.

– Utover dette blir det inga «kjære mor» frå vår side. Ein viktig del av jobben vår består i å kontrollere at parkering ikkje hindrar fri ferdsle for dei mjuke trafikantane, og det kjem vi også til å gjere i kveld, fortel han.

Artikkeltags