– I Venstre sitt forslag til Statsbudsjett er Florø godt tatt vare på. Florø hamn blir prioritert.

Det seier leiar Halvor Halvorsen i Flora Venstre tysdag. I Venstre i sitt forslag til statsbudsjett er det nemleg sett av 40 millionar til å utdjupe innseglinga til Florø frå 16 til 20 meter.

– Dette ser Flora venstre på som særs positivt, då dette er noko som er med på å styrke Westcon-verftet, og som dermed vil bidra til fleire arbeidsplassar i Florø. Går Venstre sitt forslag gjennom, er halve beløpet på plass. Då kan ein byrje på den viktige jobben for oss på kysten, seier Halvorsen.

Men det er ingenting som er setla før etter forhandlingane. Skal Venstre sitt forslag om finansiering av utdjupinga gå gjennom, treng det støtte frå fleire enn Venstrerepresentantane frå Flora si støtte.

 

– Her er det viktig at representantane frå Høgre, Frp og KrF i fylket vårt jobbar i lag med oss for å synleggjere behovet for ei utdjuping, og at vi samla står bak kravet. Då kan vi i fellesskap lykkast, seier Halvor Halvorsen og strekar under:

– Det er viktig å sette fokus på å skape nye arbeidsplassar. Sjølv om vi no har den lågaste arbeidsløysa på ni år, vil vi i åra framover trenge mange titals tusen nye arbeidsplassar. Derfor er utdjuping av leia så viktig for Venstre.