Også spøkelse må bruke refleks

Pass på skrømta i trafikken.

Pass på skrømta i trafikken. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Laurdag er det Halloween, noko som lokkar fram mange mørke figurar langs vegane. Ikkje berre skremmer dei naboen, men også mange bilistar får seg en støkk.

- I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv med gatelys, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Risikoen for å bli påkøyrt i mørkret blir redusert med skumle 85 prosent ved bruk av refleks.

Og sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.

- Kle barna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å bruke refleks, seier Voll.

Han oppfordrar alle som får Halloween-gjestar på døra til å ta ansvar for at barna blir synlege i trafikken.

- Mange har refleksar liggande i skuffer og skap til ingen nytte. Har du ein til overs, gje den saman med godteriet og sørg for at barna trygt kan ha det moro på halloween, seier Voll.  

Dei siste fem åra er det meldt om 97 påkjørsler av fotgjengarar og syklistar i trafikken i Sogn og Fjordane. I Flora er talet 25, medan ingen er køyrd på i Bremanger. I tillegg reknar forsikringsbransjen med store mørketal av skadar som ikke blir meldt. 35 prosent av alle fotgjengerulykker skjer i mørkret. Berre om lag fem prosent av dei som blir skadd nyttar refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom 20 og 25 fotgjengarar i trafikken i Norge, og rundt 85 fotgjengarar blir alvorlig skadd.

- Utan refleks er du synleg først på 25 til 30 meters hald. Dette tyder at ein bilførar som køyrer i 50 km/t, berre har kring to sekund å reagere på før det smell. Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys. Med langlys kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand. Desse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagere, og liv kan reddes, sier Voll.

Kjelde: Finans Norge og Trygg Trafikk.

Artikkeltags