Gøril legg litt meir i halloween-sminken enn dei fleste

Av

FØRDE: Det lengste ho har brukt på ein «look» er to timar. Men på Halloweendagen i år slappa ho av, og gjekk heilt utan sminke.

DEL

– Eg har alltid likt sminke, og interessa starta vel då søstera mi gav meg nokre gamle sminkerestar då eg var liten, seier Gøril Resaland Skeide (20) til firda.no.

Ho er frå Fjærland, men bur i Førde.

I kvardagen studerer ho helse og oppvekst, men å sjå kva som er hobbyen hennar er ikkje vanskeleg. Særskilt om ein ser på Instagram-profilen hennar «byskeide».

Der har ho delt forskjellige sminkebilde, og særskilt nokre eksempel på halloween-sminke skil seg ut frå resten. Sjå eksempla ved å bla deg gjennom bilda øvst i saka.

Sjølvlært

Nivået er høgt, men 20-åringen er sjølvlært. Og alt starta med å sjå på YouTube.

– Eg byrja å prøve meg fram. Såg på videoar for å lære, og så prøvde eg sjølv, seier Skeide, som raskt fatta interessa for avansert makeup.

Og når det er halloween, då har ein sjansen til å lage noko litt utanom det vanlege.

For Skeide er det sjølve arbeidet, og å prøve seg fram for å få ulike resultat som er det kjekkaste. Denne månaden har ho lagt ut eit sminke-eksempel i veka fram mot halloween.

Ikkje så oppteken av halloween

Då ho vaks opp i Fjærland, var det lite feiring av halloween, og personleg er ho ikkje så oppteken av å feire denne høgtida. Til dømes er det ingen utkledning eller oppsminking for hennar del, denne onsdagen.

– Eg lurte litt på det, men eg fann ut at eg ikkje fekk tid. No slappar eg av heime, og ser heilt vanleg ut – utan noko sminke i det heile, seier ho og ler.

Ekspempla ho lagar, blir mest for Instagram. Det å skape og å eksperimentere med ulike teknikkar er det ho likar best.

– Eg har sminka nokre venner før, som har sett bilda mine og synest dei har vore så kule at dei han ønska å sjå slik ut sjølv, seier Skeide.

Blir verande ein hobby

For ho er dette ein hobby, som ho brukar tid på når ho har høve. Det trivest ho godt med.

– Eg går ikkje rundt med noko crazy mål om å bli verdskjent eller noko, seier ho og ler.

Og for dei som har lyst å prøve sjølv? Det lengste ho har brukt på ein «look» er to timar.

– Dei raskaste er frå ein halvtime til ein time. Då har ein god tid, seier ho.

Artikkeltags