– Eg ser som det blir sagt her frå mange hald at det er naudsynt at alt heng i hop, og eg er svært imponert over at så mange kommunar og så mykje næringsliv står samla bak planane, sa ministeren i ein kommentar til kystveg-engasjementet.

I skarp konkurranse med andre vegstubbar mellom Bergen og Ålesund gjorde videoen og presentasjonen frå Bremanger inntrykk på samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

– Det er klart at her må vi tenkje samfunnsutvikling, og det er sjølvsagt mogleg å få til spleiselag for å realisere vegprosjekt som dette, sa Navarsete til Firdaposten om vegen mellom Grov og Svelgen og mogleg solcellefabrikk i framtida.

Navarsete gjekk langt i å oppfordre næringsliv og politikarar til å gjere seg meir synlege i media og maktkorridorar i Oslo. I tillegg la ho lite i mellom om kva som er nøkkelen for å få realisert kystvegen.

– Avhengig av trafikk og samfunnsnytte så er det utvilsamt at sjansane aukar dramatisk om det kjem finansieringsforslag med bompengar involvert.