Gigantfond skal bygge ut Guleslettene. Stavangerselskap skal reise møllene.

SILUETT: Fleire av vindturbinane blir godt synlege frå sentrum av Florø.

SILUETT: Fleire av vindturbinane blir godt synlege frå sentrum av Florø. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Investeringsfondet Blackrock kjøper vindparken.

DEL

Fond forvalta av det gigantiske investeringsfondet Blackrock kjøper Guleslettene vindpark i Sogn og Fjordane fra Zephyr, etter at selskapet tidligere har kjøpt vindparken Tellenes i Rogaland. Det melder E24 torsdag ettermiddag.

Ifølge Blackrock blir vindparken på opptil 197,4 megawatt, og består av 47 vindturbiner fra danske Vestas på 4,2 megawatt kvar. Kvar mølle vil ha ein navhøgde (hubheight) på 90 meter og en rotordiameter på 136 meter.

 I tillegg skal aluminiumsprodusenten Alcoa kjøpe 100 prosent av parken sin kraftproduksjon i en periode på 15 år.

Kjøpet skjer gjennom Blackrock-fondet Global Renewable Power II, som hittil har investert over 75 prosent av i alt 1,65 milliarder dollar i kapitaltilsagn i 12 forskjellige eiendeler innenfor infrastruktur til fornybar energi på fire kontinenter.

Stavangerselskap får totalentreprisen

Samstundes blei det klart at stavangerselskapet Stangeland Maskin AS får totalentreprise på bygginga. Stangeland og deira underleverandørar vil kontraktene i snitt gi arbeid til mellom 50 og 60 personar i anleggsperioden. Og rigginga av anleggsområdet tek til 1. juli. Det melder Stavanger Aftenblad torsdag ettermiddag.

– Vi har tiliegna oss omfattande kunnskap og erfaring med vindkraftprosjekt. Det er veldig tilfredsstillande at denne kompetansen gir oss nye oppdrag. Vi gler oss til å komme i gang på ein ny plass i Norge, og kjem til å inngå avtaler med fleire lokale leverandørar i Florø-området, seier markedssjef i Stangeland Maskin, Tore Voster.

NCC skal bygge fundamentet

«Vi skal bygge nesten 40 km vegar, kranoppstillingsplassar og fundament for turbinar der løysinga er «Rock Anchor Foundation», ei løysning med stålforankring til berg og betong. Vidare skal vi bygge servicebygg, lysløype for skituristar og skihytte. Kontrakten inneheld også levering og installasjon av 33 kV internkablar i vindparken og 132 kV jordkabel frå transformatorstasjonen og ut til SFE sitt hovudnett» melder entreprenøren.

Det er selskapet sin underleverandør NCC i Florø som skal bygge fundamenter til turbinane, servicebygg og turisthytta og Nettpartner frå Mandal som skal levere elektroinstallasjonane.

Prosjektet har en byggetid på rundt 2 år, og vindturbinane blir installert våren 2020, melder Stavanger Aftenblad.

Artikkeltags