NCC i Florø skal støype fundamenta på Guleslettene

Har inngått avtale med Stangeland Maskin.

DEL

NCC skal bygge betongfundament og servicebygg til Guleslettene vindpark i Flora/Bremanger, melder Anlegg og Transport.

Det er NCC i Florø som skal bygge betongfundamenta til vindparkens 47 turbinar, og dei skal byggast over eit fire mil langt område i Flora og Bremanger. Kvar vindgenerator vil ha ei navhøgd på 90 meter og ein rotordiameter på 136 meter. 

- I all hovudsak kjem vi til å bruke lokale materialar. Fundamenta består mykje av stålringar som skal støypast inn, seier Årberg.

Selskapet Peikko Norge AS er totalleverandør på alt stål og fjellanker til fundamenta.

Bygginga av servicebygget på vindparkområdet, og ei 50 kvadratmeters turhytte for områdets turgåarar, høyrer også inn under kontrakten som nylig blei signert av partane. 

Stangeland Maskin i Stavanger har totalentreprisen i vindkraftprosjektet på totalt nær 400 millioner kroner. Dei har allereie starta rigging av anleggsområdet, medan NCC bereknar oppstart av sitt arbeid på staden i mars til neste år, med planlagd ferdigstilling ved utgangen av same år.

- Våre anleggsarbeid startar opp når vegar og naudsynt infrastruktur inn til området er etablert, seier Årberg.

Sjølve vindturbinane blir installerte våren 2020.

Artikkeltags