Sunnfjording funnen skuldig i seksuell misbruk av si eiga dotter

TAPTE ANKESAK: Gulating lagmannsrett har oppretthalde både skuldspørsmål og straff i saka der ein sunnfjordmann stod tiltalt for å ha seksuelt misbrukt si eiga dotter.

TAPTE ANKESAK: Gulating lagmannsrett har oppretthalde både skuldspørsmål og straff i saka der ein sunnfjordmann stod tiltalt for å ha seksuelt misbrukt si eiga dotter. Foto:

Av

FLORØ: Ein Sunnfjord-mann er dømd til fengsel i fire år og ti månader for å ha forgripe seg gjentekne gonger på dotter si.

DEL

Gulating lagmannsrett kom til same konklusjon som tingretten då dei i slutten av august kom med si domsslutning i ei sak der ein mann frå Sunnfjord stod tiltalt for seksuelle overgrep. Mannen er no dømd til fire år og ti månader i fengsel for å ha forgripe seg på dotter si, første gong då ho ikkje var meir enn 10-11 år gammal.

Retten har også dømd mannen til å betale den fornærma ein oppreisingserstatning på 200.000 kroner.

Pågjekk i fleire år

Overgrepa som retten festar lit til har skjedd, omhandlar både beføling av jenta sin kropp, samt å ha tvinga seg til oralsex med dotter si. Kor mange gonger misbruket skal ha skjedd, var den fornærma usikker på då ho forklarte seg i lagmannsretten, men ho anslo å ha blitt utsett for oralsex mellom fem og ti gonger over ein periode på fleire år.

I retten erkjende tiltalte delar av handlingane, men hevda at det skjedde frivillig frå dottera si side, og at han ikkje nytta seg av tvang. Dette festa retten lite tiltru til. Forklaringane til den fornærma vart lagt til grunn då skuldspørsmålet blei avgjort.

Blei verre når han drakk alkohol

Under forhandlingane i ankesaka blei det ført ti ulike vitne. Noko av det som kom fram, var at overgrep og tilnærmingar ofte eskalerte i samband med alkoholbruk, og at også andre familiemedlemmer skal ha opplevd mannen som seksuelt trakasserande då han drakk alkohol.

Når det gjeld formildande omstende i saka, blei det lagt fram testresultat som viste at tiltalte klassifiserer som lettare psykisk utviklingshemma, men ikkje på eit slikt nivå at han ikkje forstod at handlingane han gjorde var alvorlege og straffbare. Det har også teke tid å få saka inn for domstolane, men her meinte lagmannsretten at etterforskinga av saka har vore omfattande og krevjande, og ville dermed ikkje gi noko strafferabatt for dette.

Artikkeltags