Gå til sidens hovedinnhold

GSM-opning høgt til fjells

Artikkelen er over 18 år gammel

HATLESETNIPA: Fredag klipte ordførar Bente Frøyen Steindal snora for den nye sendarane til Telenor Mobil, på toppen av Hatlesetnipa 583 meter over havet.

- Vi får håpe det vert mange fleire slike gladnyhende. Vi har nok av dei negative. Eg vil rose Telenor og vonar dei vil halde fram med å byggje ut sendarar og netta sine i distrikta, sa ordføraren.

Om alt er i orden skal altså mobildekninga i dag vere langt betre både I Norddalsfjorden, i fjellheimen nord for Norddalsfjorden, og i Eikefjordområdet, og utover mot Stavang.

Stil

Mange turgåarar kan nok hevde at det etter dette ikkje vert det same å gå til toppen av Hatlesetnipa. På toppen står nemleg ei 30 meter høg antenne, og ei brunbeisa spiss bud. For den tjuetals store flokken som tok turen opp i går var det i alle fall ei oppleving med stil. På toppen snødde det og Bistro To Kokkar venta stivpynta med varme, kvitvinsdampa blåskjel og laks frå røykeriet på Svanøy.

Og for første gong fekk turgåarar ta i bruk to små krypinn under skråveggene til "Telenorbua". For første gong har Telenor lagt til rette for at turgåarane i nødsfall og elles kan søkje ly for ver og vind. Ikkje i den sjølve oppvarma hovudrommet i bua, men under skråveggene.

Kokeplate

I den eine hadde skuleelevar frå Norddalsfjorden sett seg godt til rette med mat og drikke, medan Kåre Hukset frå bistroen dampa blåskjel i den andre på ei medbrakt kokeplate.

Vi spurde Bjørn Amundsen, nettdirektør i Telenor Mobil, om også vanlege turgåarane får tilgang til straum, men det var det ikkje lagt opp til, svara han.

Etter den litt kalde, men spreke opninga, trakka ordførar og resten av følgjer ned att, med påskrudde mobilar.

Og kva utbygginga kosta? Opp under ein million kroner, men linjeframføring, grunn, hytte og mast.