Betre for miljøet med sjødeponi enn å lagre gruvemassar på land

HELLER SJØ ENN LAND: Striden rundt gruvedrift i Vevring og diskusjonane rundt miljøpåvirkningar rullar vidare. No kjem det nye innspel frå forskinga som hevdar at sjø er betre enn land når gruveavfall skal lagrast. Her frå lenkeaksjon i Vevring, der aksjonistar frå Natur og ungdom lenka seg fast for å sperre vegen for Nordic Mining sine prøveboringsmaskiner.

HELLER SJØ ENN LAND: Striden rundt gruvedrift i Vevring og diskusjonane rundt miljøpåvirkningar rullar vidare. No kjem det nye innspel frå forskinga som hevdar at sjø er betre enn land når gruveavfall skal lagrast. Her frå lenkeaksjon i Vevring, der aksjonistar frå Natur og ungdom lenka seg fast for å sperre vegen for Nordic Mining sine prøveboringsmaskiner. Foto:

Av

FLORØ: Ei ny doktorgradsavhandling konkluderer med at sjødeponi for gruvemassar er langt betre enn sitt rykte.

DEL

Å lagre gruvemassar i sjødeponi kan vere betre for miljøet enn om massane blir lagra på land. Det er konklusjonen i ei ny doktorgradsavhandling frå stipendiat Yulia Mun ved Universitetet i Tromsø.

Mun har granska konsekvensane ved sjødeponiet i Repparfjorden og samanlikna desse med område som har hatt landbaserte gruvedeponi på Røros.

Konklusjonen er ifølgje geoforskning.no at sjødeponi er eit klart tryggare miljøval enn å lagre på land.

I avhandlinga blir det peika på at ukontrollert avrenning frå landdeponi skadar og trugar miljøet langt meir enn eit deponi på ein fjordbotn. Lagring i saltvatn skapar ein høgare stabilitet i massane, blir det konkludert i arbeidet frå stipendiaten.

Artikkeltags