Ny båt på grunn ved Stabben fyr

Tankskipet "Freya" gjekk på grunn ved Svartskjerbåen sør for Stabben onsdag 28. juni

Tankskipet "Freya" gjekk på grunn ved Svartskjerbåen sør for Stabben onsdag 28. juni Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Skipet «Freyja» har gått på grunn ved svartskjerbåen sør for Stabben fyr utanfor Florø. Grunnstøytinga skal vere omtrent på same plass som der cargoskipet «Ingvild» gjekk på grunn i går.

STÅR FAST: Her kjemikalietankaren fast ved Svartskjerbåen sør for Stabben.

STÅR FAST: Her kjemikalietankaren fast ved Svartskjerbåen sør for Stabben. Foto:

Hovudredningssentralen har fått melding om grunnstøytinga, men har ikkje fått noko meir informasjon.

– Vi driv å undersøka saka akkurat no. Agenten skal ha ringt direkte til redningsskøyta, så «Halvdan Grieg» er på veg ut no. Det er mest sannsynleg ikkje noko dramatisk, då dei ikkje har tatt kontakt med oss, seier Erik Willassen ved hovudredningssentralen.

12:30:

– Skipet gjekk i ballast då det gjekk på grunn. Det er elleve mann om bord, og ingen teikn til lekkasje. Det vert eit reint bergingsoppdrag, seier Erik Willassen frå hovudredningssentralen.

Oppdragsgiveren til skipet, Fjord Shipping, bekrefter at skipet hadde lossa i Florø

– Skipet har vore og lossa av på Ewos, fortel ein ordknapp styreleiar i Fjord Shipping AS, Knut Eltvik.

«Freyja» er eit maltesisk tankskip på 71 meter som er bygd i 1974.

Det raude skipet er "Freyja" som har gått på grunn. Like bak ser ein redningsskøyra "Halvdan Grieg" markert med lyseblått.

Det raude skipet er "Freyja" som har gått på grunn. Like bak ser ein redningsskøyra "Halvdan Grieg" markert med lyseblått. Foto:

Artikkeltags