Gripande avduking av krigsminnetavle

Nils Jørgen Skåre heldt ein gripande tale om sonen sin Jonas Solheim Skåre, som denne minnetavla er dedikert til.

Nils Jørgen Skåre heldt ein gripande tale om sonen sin Jonas Solheim Skåre, som denne minnetavla er dedikert til. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Nils Jørgen Skåre fekk æra av å avduke Flora krigshistorielag sin tredje informasjonstavle ved bunkeren på Storåsen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Tavla er nemleg dedikert til sonen hans, Jonas Solheim Skåre, som før han gjekk bort var lidenskapeleg oppteken av krigshistorie. Krigshistorielaget har dedikert tavlene ved bunkeren til hans minne.

- Eg kom over åsen på torsdag og såg den flotte tavla, og tenkte med ein gong: Dette hadde Jonas vore svulmande stolt over. Det er sjølvsagt veldig vemodig, men samstundes eit fint minne etter Jonas, sa Nils Jørgen Skåre under hans tale ved avdukinga.

Prosjektet med å få på plass slike informasjonstavler over krigshistoria i Florø er kalla Jonas S. Skåres minneprosjekt. Tavla som vart avduka laurdag handlar om kva som hende i Storåsen under krigen. Dei andre tavlene heng på veggen inne i bunkeren, og fortel mellom anna om det britiske flyangrepet på Florø hamn og korleis britisk etteretning følgde med på bygginga av det tyske forsvarsverket i Florø.

Artikkeltags