Suksess for Grilldressfestival i ny drakt

God stemning på Flåten

God stemning på Flåten Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Etter eit års fråvær kom Grilldressfestivalen tilbake med eit smell i år. Og denne gongen gjorde dei Flåten til sin.

DEL

Grilldressfestivalen blei tvungne til å avlyse i fjor, men lova på tru og ære å komme tilbake i år. Men det hang i ein tynn tråd. Hagebaron Torbjørn Orheim, som tradisjonelt har husa grilldressane, hadde leigd ut huset sitt for året, dermed måtte dei finne ei anna løysing. Svaret viste seg å vere Flåten og Hjørnevikbua, men ville folk stille opp? Grillprindressa sjølv, Oda Alisøy, var spent på førehand.

– Vi var veldig spente på responsen til festivalen, då vi endra konseptet såpass drastisk frå tidlegare år. Ville folk komme? Korleis skulle vi få flåten til å bli eit passande Grilldress paradis? Det vart absolutt ein annleis festival, men med Flåten pimpa og stappfull i flotte folk i alle slags frekke grilldressar blei det fort god stemning. Og tilbakemeldingane har vore udelt positive. Alle var einige om at Grilldressfestival på Bua ikkje var så verst.

– Men kva er eigentleg greia med desse grilldressane?

– Grilldressar er som dei gode minna frå barndommens ferieturar ved fjord og fjell. Lukta av nyslått gras og pølser på grillen. Seine sommarkveldar med allsong rundt bålet. 80 og 90-talets nostalgi i dei frekkaste mønster og fargar. Dessutan er dei sjukt behagelege, og folk likar å ha det behageleg. Det er ingen sure fjes i grilldress.

Alisøy seier at styret i grilldressfestivalen ikkje har noko ønske om å vakse seg større enn dei er akkurat no. Dei vil helst vere små, og sjølv om dei alltid tenker på korleis dei kan fornye seg, har dei ikkje store vyar om å utvikle konseptet vidare. Slagordet deira er Den minste, den beste, som passar for dei fleste, og det har dei tenkt å halde seg trufast til.

No som grilldressfeberen har lagt seg for i år er det to spørsmål som står igjen. Korleis gjekk det økonomisk, og blir det ny festival i 2018?

– Det vart seld ca. 150 billettar i år. Utseld på under 48 timar! Som festival har vi aldri hatt som mål å tene pengar.Vi tar som regel det vi må for å dekke utgiftene frå år til år. Når eg no sit å ser på rekneskapen skal vi kunne klare å dekke inn alle utgiftene vi hadde og gå ca. i null. Men så er det ein del store investeringar som må gjerast om vi skal ha festival igjen neste år, då blant anna teltet vi har hatt dei seinare åra ikkje kan brukast lenger. Kven veit kva neste år har å by på, men vi håpar sjølvsagt at vi kan lage festival igjen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken