Dei kallar det schmellabilly, i praksis betyr det å ta gamle rockabilly- og swing-klassikarar og framføre dei med høg show-faktor. Det har vist seg å funke 100 prosent live. No skal Green Granadas samle sine sjølvlaga låtar på CD. Green Granadas er: Odd-Erik Lothe, gitar og vokal i Fabel, Roger Allan Ivin, bass og vokal i Fabel, Jarle Bernhoft, gitar og vokal i Span, Inge Villy Hauge, trommer og vokal Lynyrd Skynyrd Tribute Band og Ståle Wick, gitar og vokal i Booze.

Utgjeving er førebels sett til hausten 2005, og innspeling har så langt foregåttt i Havnelageret Studio i Bergen.

Teknikar og medprodusent har vore Fridtjof Nilsen, kjent som gitarist i Span, frå "matprat"-reklamar og programleiar i Sone 2.