God Flora-statistikk

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Flora kommune er høgt oppe på lista i den nye barnestatistikken i Norge.

DEL

I dag er nær 26 prosent av innbyggjarane i kommunen barn under 18 år, noko som er ein mykje større del enn det som er vanleg. Bremanger ligg langt nede på landsstatistikken, medan Førde toppar i Sogn og Fjordane.

Blant dei 430 norske kommunane er Flora heilt oppe på 41.-plass på barne-toppen. Det viser ei rangering som Firdaposten har laga etter å ha innhenta tal frå Statistisk sentralbyrå. Bremanger er nummer 215.

1,1 mill. barn

Den nye barnestatistikken viser kor mange barn mellom 0 og 17 år som er heimebuande per 1. januar i år, i høve til innbyggjartalet. Personar under 18 år som har flytt heimanfrå, har gift seg eller fått eigne barn er ikkje medrekna.

I Flora bur det no 2963 barn under 18 år, som dermed utgjer 25,9 prosent av alle som bur i kommunen. Denne delen er ganske stor. I heile Norge er det omtrent 1,1 millionar barn, noko som utgjer 22,8 prosent av alle nordmenn. I Sogn og Fjordane bur det 26.600 barn (24,1 % av alle)

Bremanger kommune har mindre del barn blant innbyggjarane i kommunen. Av dei 3899 bebuarane er det 874 barn. Gruppa utgjer dermed 22,4 prosent, like under landsgjennomsnittet.

Barn i Sogn og Fjordane

Det er Førde kommune som får æra av å ha størst del barn og unge under 18 år i Sogn og Fjordane. Her var 3212 innan den aktuelle aldersgruppa. Det utgjer drygt 27 prosent. Rett bak følgjer Hornindal med 26,7 prosent. Mest forgubbing i Sogn og Fjordane er det tilsynelatande i Solund, der berre 20 prosent er barn. Fjaler har nest minst med 20,2 prosent.

Fjell på topp

Flest barn i Norge, i forhold til folketalet, er det faktisk her i Sogn og Fjordane, der vel 24 prosent av befolkninga er barn. Etter Sogn og Fjordane følgjer Akershus. Færrast barn i forhold til folketalet er det i Oslo og Hedmark, der rundt 20 prosent er barn.

Delen barn i prosent av befolkninga varierer veldig mykje frå kommune til kommune - frå 29,2 prosent i Fjell i Hordaland, som hadde høgaste del, til 16,8 prosent i Ibestad i Troms. Av dei ti kommunane med størst del barn ligg seks her i Sogn og Fjordane. Tre av dei ti kommunane med lågast del ligg i Hedmark.

Fleire barn med sambuarforeldre

Utviklinga med at stadig fleire barn bur med sambuarforeldre, held fram. Samtidig blir det færre som bur med gifte foreldre. Tre av fire barn i Norge bur saman med begge foreldra, der 57 prosent bur med gifte foreldre og vel 17 prosent med sambuarforeldre, viser SSB-tala.

Sida 1989, som var det første året det bli laga barnestatistikk, har delen av barn under 18 år som bur saman med gifte foreldre, gått ned frå 78 til vel 57 prosent. I den same perioden har delen som bur hos sambuarforeldre auka frå 5 til 17 prosent.

Utvikling på barnetoppen

Firdaposten har også fått tilgang til den same statistikken frå folketeljinga i 2001. Her kan vi sjå at Flora har klatra tolv plassar blant kommunane på barne-toppen sidan den gongen. Då var Flora på 53.-plass med ein barnedel på 26,3 prosent. Delen går altså tilbake, men ikkje så fort som i dei andre kommunane. Bremanger har klatra heile 88 plassar på desse åtte åra. Frå 303. plass (med 22,2 prosent) til dagens 212. plass.

Barnetoppen

Topp 20. Barn i prosent av befolkninga

1 Fjell 29,2

2 Klæbu 29,1

3 Gjesdal 28,8

4 Klepp 28,6

5 Rennesøy 28,6

6 Randaberg 28,3

7 Tysvær 27,9

8 Åseral 27,8

9 Hå 27,8

10 Meland 27,7

11 Askøy 27,5

12 Træna 27,3

13 Sola 27,2

14 Ulstein 27,2

15 Førde 27,1

16 Bjerkreim 27,1

17 Bømlo 27,0

18 Malvik 26,8

19 Alta 26,8

20 Gjerdrum 26,8

?41 Flora 25,9

?215 Bremanger 22,4

Artikkeltags