Gå til sidens hovedinnhold

Gjestebrygga flytta i helga

Artikkelen er over 12 år gammel

I helga vart nørdste delen av Florevika Gjestebrygge flytta austover etter påbod frå Fylkesbaatane via Flora hamnekontor.

Førebels er det gjort det som er kravt, men i ettertid kan det komme til eit komplisert økonomisk oppgjer.

1. Vegstellet stenger riksveg 614 i ca. tre veker for sikring og utviding av Haukåtunnelen.

2. Fylkesbaatane (Fjord1) får i oppdrag å gjenopprette det for lenge sidan nedlagde ferjesambandet Florø–Kjelkenes.

3. Dei set inn ei så stor ferje at Flora hamnevesen (etter krav frå Fylkesbaatane) ordrar Florevika Gjestebrygge til å flytte anlegget.

4. Eigarane av brygga flyttar i helga til ein monaleg kostnad.

– 5. Kven skal Stadt Transport sende rekninga til?

– Det er ikkje Gjestebrygga som har sett i verk jobben. Det er hamnevesenet som har tinga flyttinga og sett i gang arbeidet. Det er vel slik at den som tingar, normalt også må betale, seier Stein Kjetil Holvik i Florevika Gjestebrygge på spørsmålet vårt.

Holvik legg til at dei fekk flyttemeldinga fredag kl. 11, og kunne ikkje gjort det på så kort varsel. Dei har no bede om eit snarleg møte med Flora kommune.

– Det kan ikkje vere slik at dersom det går eit ras på vegen mellom Florø og Svelgen så må vi flytte gjestebrygga på kort varsel, legg han til.

– Ligg ikkje bryggene på spesiell dispensasjon?

– Formelt gjekk den ut i fjor, for den ytste delen. Men vi har fått klarlagt at dispensasjonen i praksis gjeld fram til kommunen er ferdig med sentrumsplanen, fortel han.

Holvik strekar under at dei starta planarbeidet ved Kinn Arkitekter, men fekk beskjed frå kommunen om å vente og ta det inn i reguleringsplanen for sentrum.

– Elles er det verd å merke seg at bryggene er lagt ut mål som vi har fått oppgitt frå kommunen/Fylkesbaatane. Det er ikkje vi som har bestemt at det no er blitt for trongt mellom brygga og Fugleskjerkaia, seier Holvik.