Gjerde fekk kulturprisen

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

SVELGEN: Einar Gjerde er ei eldsjel av den sjeldne sorten. Heilt sidan han flytta til Svelgen i 1958, har han lagt ned eit stort arbeid for fotballen i bygda, både som aktiv spelar, mangeårig trenar og i styresamanheng. Tysdag fekk han Bremanger kommune sin kulturpris for innsatsen.

DEL

Svein Gjerde har vore engasjert i fotballgruppa i Svelgen Turn-og idrettsforening i heile 46 sesongar. Sidan 1962 har han hatt ei rekkje verv, og lagt ned mykje arbeid i laget både som leiar, styremedlem og oppmann, for ikkje å gløyme på trenarsida. Han har sjølv vore aktiv både som senior og oldboys, og har vore aspirantdommar i idrettskrinsen i over 20 år. I tillegg har han lagt for dagen ei svært stor dugnadsånd, og har vore ein stor pådrivar i dugnadsarbeid både på Svelgen stadion, på grusbana på Rise, på klubbhuset, i idrettshuset og sist den nye ballbingen ved Svelgen skule. I dag er han friviljug vaktmeister i idrettshuset.

– Det står stor respekt av det arbeidet Einar Gjerde har gjort for barn og unge i Svelgen, sa leiaren i oppvekst-og kulturutvalet, Nina Grotle, då ho fekk gleda av å overrekkje kulturprisen på 10.000 kroner.

– Dette set eg umåteleg stor pris på. Eg må vedgå at då eg fekk vite at eg skulle få kulturprisen, felte eg ei lita gledeståre, takka Einar Gjerde.

Også kona hans, Oddbjørg Gjerde, fekk takk frå kommunen i form av ein blomebukett, for alltid å ha støtta opp om det viktige arbeidet for idretten i Svelgen.

Artikkeltags