No er det to veker igjen til gjenbruksbutikken på Evja stenger for godt

Gjenbruksbutikken på Evja stenger dørene fredag 13. desember.

Gjenbruksbutikken på Evja stenger dørene fredag 13. desember. Foto:

FLORØ: Trass alle teikn i tida som peikar mot gjenbruk og redusert forbruk, blir Florøs einaste gjenbruksstasjon stengd fredag 13. desember.

DEL

Då går nemlig avtalen med Flora kommune ut, og gjenbruksstasjonen og den tilhøyrande butikken har ikkje anna val enn å stenge dørene. Det er slutt på å ta i mot varer frå allereie frå førstkommande måndag 2. desember.

I 2015 fekk Nærtenesten ansvaret for gjenbruksbutikken, og har hatt avtale med kommunen sidan den gongen.

– Til 31. desember har vi avtale om å drive gjenbruksstasjonen, og dersom vi skal få drifte det lenger, må vi få eit klarsignal frå kommunen, sa administrerande Direktør i Origod, Petter Refsnes, til Firdaposten i sommar.

Innan den tid skal Nærtenesten også vere ut av lokala i Hjellegata på Evja.

Då Firdaposten snakka med Refsnes sist, hadde han eit lite håp om at gjenbruksbutikken skulle få eit vidare liv i eit nytt lokale.

Dessverre ser det ikkje ut som det var mogleg å få til.

Artikkeltags