Gjekk inn for ny veg

Tysdag klubba kommunestyret i Bremanger oppstart for planarbeidet med Rv 614 Svelgen-Indrehus.

Tysdag klubba kommunestyret i Bremanger oppstart for planarbeidet med Rv 614 Svelgen-Indrehus. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Kommunestyret i Bremanger klubba tysdag gjennom planoppstart for arbeidet med Rv. 614 Svelgen-Indrehus og kryss Myklebust.

DEL

Bremanger kommune står skulder til skulder med Flora kommune og Vågsøy kommune i etableringa av 45-minuttsregionen.

Og ved å syne til arbeidet deira med kystvegen Florø-Måløy, syner dei samstundes at kommunen stiller seg villig til å bidra til å få den realisert.

For i same kommunestyremøte som 45-minuttsregionen vart handsama, klubba dei gjennom vedtak om planoppstart for kommunedelplan for Rv. 614 Svelgen-Indrehus.

Det var kommunestyret si klare oppfatting at kystvegen Måløy-Svelgen-Florø vil gje potensial for næringsutvikling og folketalsvekst.

Fyrste prioritet i arbeidet vil bli tunnel mellom Svelgen og Indrehus, opprusting av kryss på Myklebust mot Botnane.

Deretter vil ein fokusere på kort ferjekryssing av Nordfjord, før ein ser på strekning Svelgen-Sørdalen.

Planarbeidet skal finansierast via næringsfondet med 500 000 kroner.

Artikkeltags