Frode Pilskog og den tilkommande ektemaken hans, Ramona, kjem begge frå Ålesund-traktene. Begge har dei ein sterk og ekte lidenskap for amerikanske bilar, Frode og firmaet hans, Frode Pilskog Varetransport, er endåtil hovudsponsor for Svelgentreffet 2008. For tre år sidan vart dei to råka av Amor sine piler, nettopp i Svelgen, og i fjor enda det med frieri.
Svelgen kapell
– Midt i det heile var vi kanskje litt for lausmunna og føreslo at ville dei gifte seg her under AmCar-treffet i år, så skulle vi ordne med prest, kyrkje og elles alt som skal til. Vi må sjølvsagt stå ved det vi har sagt, og laurdag føremiddag er alt klart for vigsel i Svelgen kapell, fortel Christian Gulhaugen i Svelgen AmCar-klubb.
Gler seg
– Vi gler oss, seier brudgommen, som sjølvsagt også skal delta på AmCar-treffet.
Bryllaupsmiddagen blir i lukka lag på Svelgen Hotell, men seinare på dagen er det duka både for minidrag, motorshow og dans, både for brudeparet, bryllaupsgjester og alle andre.