Det går mot full nedstenging av produksjonen på norsk sokkel etter at OLF torsdag varsla om lockout for alle medlemmer i Industri Energi, SAFE og Lederne som blir omfatta av sokkeloppgjeret. Årsaka til at OLF går til dette steget er at dei ikkje kan sjå nokon annan utveg, etter to veker med offshorestreik. OLF meiner at fagforeininga sitt krav ikkje kan bli innfridd.
Ein lockout vil råke dei mange offshoretilsette som bur i Florø. Men det vil også råke den einaste plattforma utanfor kysten vår. Kommunikasjonsdirektør Ulf Rosenberg i GDF Suez stadfestar at Gjøaplattforma vil bli stengt ned tysdag om ikkje det blir ei løysing. Per i dag er det 48 personar om bord på plattforma. Ved ein eventuell lockout vil 28 vere att for å syte for tryggleiken.
– Ein lockout tyder at vi misser produksjon, seier Rosenberg.
Han ønskjer ikkje å opplyse om kor mykje GDF Suez taper kvar dag. Men då Firdaposten besøkte Gjøa nyleg vart det opplyst at plattforma tener inn vel 80 millionar dagen. I og med at GDF har ein eigarandel på 30 prosent, tyder det at GDF taper vel 24 millionar kroner dagen.