Køyrde forbi tankbil fullasta med eksplosivt materiale. Så kom det bil i mot: – Kunne blitt ein kjempesmell

PÅ STADEN: Gunnar Englund og Sissel Skjerve gjennomførte avhøyr med førarane. Ein mann i 80-åra mista lappen etter hendinga.

PÅ STADEN: Gunnar Englund og Sissel Skjerve gjennomførte avhøyr med førarane. Ein mann i 80-åra mista lappen etter hendinga. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Ein eldre mann var tysdag kveld nær ved å skape ei kjempeulykke på i Gaular.

DEL

– Heldigvis blei det berre små materielle skadar, men det kunne blitt ein kjempesmell.

Det seier politioverbetjent Gunnar Englund til Firda tysdag kveld. Klokka kvart på seks fekk politiet melding om ei ulykke på E39, kring ein halv kilometer før Årbergsdalen når ein køyrer i retning frå Sande.

På ei ganske rett strekke med 80-sone valde tre personbilar å køyre forbi ein tankbil. Med dei to første bilane gjekk det fint, men då den tredje skulle køyre forbi, og det nærma seg ein sving, gjekk det verre.

– Han burde aldri ha køyrt forbi. Det vart meir enn knapt då det kom bil i mot, seier Englund.

Han fortel at både tankbilen og den møtande bilen la seg langt ut til sida for å unngå kollisjon.

– På eit tidspunkt køyrde dei tre i breidda. Så svinga personbilen som køyrde forbi inn mot tankbilen, og tok borti den.

Plutseleg såg Kenneth bilen på sida av han: – Eg var sikker på at dei kom til å ryke i hop i 80 km/t 

– Flaks

– Det er ein kombinasjon av flaks og god reaksjonsevne frå dei to andre sjåførane som gjorde at dette gjekk bra, meiner Englund.

Skadepotensialet er alltid stort ved ein frontkollisjon. I dette tilfellet ville det blitt endå større, fortel politioverbetjenten.

Tankbilen var nemleg fullasta med eksplosiv gass.

Mista lappen

Både mannen som køyrde forbi, tankbilsjåføren og føraren av den møtande bilen stoppa opp på ei busslomme like etter ulykka. Det var føraren av tankbilen som melde frå til politiet.

– Han synest det som skjedde var hårreisande.

Politiet tok tysdag kveld avhøyr av dei involverte – som var samde om korleis hendinga skjedde. Den eldre mannen blei fråteken førarkortet. Han er i 80-åra, og må ha helseattest og køyre opp på nytt om han skal køyre bil igjen.

Artikkeltags