Garantiana-plan i løpet av våren 2019

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ifølge Petro.no vil det komme ein Plan for Utvikling og Drift (PUD) av Garantiana-funnet i løpet av første kvartal i 2019. Garantiana er eit oljefunn nord for Visund-feltet i Nordsjøen med et utvinnbart ressurspotensial på mellom 50 og 70 millioner fat oljeekvivalentar. Utbygginga har ei investeringsramme på mellom 5 og 10 milliardar kroner, og den første olja er venta opp tidleg i 2022. Feltet er rekna til å ha ei levetid på mellom 10 og 15 år.

Utbyggingsalternativa står mellom å knyte feltet til Knarr, Visund eller Gullfaks, eller å gjere ei frittståande utbygging. Men med tanke på at Equinor (tidlegare Statoil, journ.anm.) i november i fjor kjøpte Total E&P sine eigardelar i Garantiana, er det naturleg å tru at det blir anten tilknyting til Gullfaks eller Visund.

Det gjer også til at røyra under boreperioden blir sendt ut frå Florø. Det fortel supply base manager Sigurd Øistein Døsen ved Equinor-basen i Florø.

– Vi har sentrallageret for røyr til norsk sokkel, så røyra vil gå ut frå Florø. Men vi vil ikkje få vite før PUD-en er klar om vi får totalforsyninga mot boreriggen, seier han til Firdaposten onsdag morgon.

Borekonseptet på Garantiana består av tre produksjonsbrønnar og tre vassinjeksjonsbrønnar. Boringa er rekna med å ta kring 490 dagar.

Artikkeltags