Dette kan skje dersom meklinga ikkje kjem i mål i lønstingingane. Streiken kan tre i kraft frå 18 juni på GDF Suez-plattformen, sidan Safe og Lederne ikkje blei samde med motparten Norsk olje og gass i dei ordinære rundane i lønsforhandlingane. Dette melder Aftenbladet.
Industri Energi er derimot komne til ei avtale med arbeidsgjevarsida. Pensjon var eit sentralt tema
Medan Industri Energi kom til enighet med arbeidsgiversida, var pensjon ein sentral grunn til at begge dei andre fagforbunda for tilsette braut lønsforhandlingane for tilsette innan operatør, boring og forpleining.
Safe har varsla at dei vil ta ut medlemmer hos Exxon Mobil viss partane ikkje blir samde hos Riksmeklingsmannen, medan Lederne vil ta ut 76 medlemmer på Gjøa.
Riksmeklingsmannen har sett av 16. og juni og streik kan vere aktuelt frå onsdag 18.juni.
Pensjon er eit sentralt krav for Lederne i årets sokkeloppgjer. Fagforbundet ønskjer tidlegpensjon for skiftarbeidarar på sokkelen som ikkje klarer å jobbe lenger enn til 62 år, og meiner at ein fleksibel pensjonsalder er viktig.
Lederne viser også til at fleire oljeselskap no har 67 år som pensjonsalder for sokkelarbeidarar, mens det vanlege har vore 65 år.