Går for to legar i indre og to i ytre

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

SVELGEN: – Slik eg tolkar signala frå politikarane, vil det mest sannsynleg bli fleirtal for ein organisasjonsmodell med to legar i indre og to i ytre, seier rådmann Tor Kristian Gulhaugen.

DEL

På eit møte mellom administrasjonen og kommunelege Kan Shanker tidlegare i haust, i samband med budsjettarbeidet for neste år, var det semje om at kommunelegen skulle førebu sak om omorganisering av legetenestene i Bremanger kommune.

– Som eit resultat av dette vart det lagt fram tre alternativ til framtidig organisering. Alternativ I, med to legar i indre og to i ytre, vil gje ei innsparing i drifta på 370 000 kroner, i all hovudsak på reduksjon i reiseutgifter. Denne løysinga medfører at legane blir fast stasjonerte i Svelgen og på Hauge på dagtid, men at dei har felles vaktordning utanom kontortid. Alternativ II, med eitt felles legekontor for heile kommunen, vil redusere driftskostnadene med over ein million kroner. Det tredje og siste alternativet går ut på å oppretthalde dagens ordning med tre legekontor, fortel Gulhaugen.

Eitt legekontor?

Då dei tre alternativa vart presenterte for levekårsutvalet i september, var rådmannen si tilråding at Bremanger kommune må velje det alternativet som gjev mest innsparing, nemleg eitt felles legekontor.

– Om dette legekontoret skal ligge i Svelgen eller på Hauge, har eg ikkje teke stilling til, men eg meiner at alle vil få den hjelpa dei treng sjølv om vi berre har eitt legekontor. Med den ordninga vi har i dag går bortimot ei halv stilling med til å reise mellom dei ulike kontora, hevdar han.

Men politikarane i levekårsutvalet var ikkje samde med rådmannen, dei meinte modellen med berre eitt legekontor er uakseptabel, og vil heller ha ordninga slik den er i dag. Om det ikkje går, vil dei ha to faste legar i indre og to i ytre.

Blir avklart på nyåret

Og ifølgje Bremanger-rådmannen vil politikarane i Bremanger no mest sannsynleg gå for ei deling av legane mellom Svelgen og Hauge.

– På møtet i finansutvalet tysdag oppfatta eg det slik at det er politisk vilje for ei løysing med to legar i indre og to i ytre. Dette var ikkje framlagt som noka eiga sak, og det er viktig å presisere at det heller ikkje vart gjort noko vedtak. Korleis vi skal organisere legetenesta i framtida, vil bli teke stilling til i samanheng med budsjett i balanseprosjektet, som vi no er midt inne i. Vi vil ikkje legge dette fram som ei enkeltsak. I utgangspunktet skulle vi vore ferdige med prosjektet før vi starta budsjettarbeidet for neste år, men truleg vil vi ikkje vere i hamn før etter nyttår. Vi får heller justere budsjettet i ettertid, seier Tor Kristian Gulhaugen.

Artikkeltags