Gå til sidens hovedinnhold

Gambla og sigra i Vetvika

Artikkelen er over 6 år gammel

Ta ei veglaus grend mellom stupbratte fjell, eit irsk band, og nakne føter i varm sand og du får Tupelo-konserten i Vetvika.

DUBLIN, 01.50: Kevin Duffy i bandet Tupelo trykker og trykker på ringeklokka til bandmedlem Paul Murray. Dei skal rekke eit fly, men Murray er ikkje å få tak i.

Dei har nyleg spela for 80 tusen menneske i Irland, og no skal dei til ei lita grend i Bremanger. Dei forventar 2–300 publikummarar.

FRØYSJØEN, ca 15.30: Motoren har stoppa, med gjengen i Tupelo om bord. På stranda i Vetvika har folk begynt å samle seg på den kritkvite sanden. Små og store båtar kjem heile tida til. Ein gjeng på rundt 100, som har vekse til nesten 150 over fjellet, er snart framme etter den tre og ein halv time lange fjellturen til grenda.

Det går nemleg ingen veg til Vetvika. Difor er her naturleg nok ikkje elektrisitet, og nesten ingen hus. Men snart skal opp mot 1.500 menneske stå og hoppe saman her. Dette er fleire menneske enn det nokon gong har vore samla mellom dei stupbratte fjella her, i alle fall i moderne tid.

VETVIKA, 18.25: – Ufatteleg! Ufatteleg! Sjå fargen på vatnet! ropar Kevin Duffy framme i rib-båten som no snirklar seg inn mellom det som etter oppteljing viser seg å vere rundt 120 små og store båtar.

Duffy prøver å fange nyansane av grønt på kamera. Eit stykke frå stranda gyngar eit flytande toaletthus, også den måtte ta sjøvegen hit. Frå vika ser ein rett ut mot havet. Dette er grunnen til at det er svært sjeldan vêret tillet at ein legg båten til her.

– Sjå kor mange folk det er! ropar Duffy. På stranda har Magne M. Grotle gått tom for billettar og riv av bitar frå kvitteringsblokka i staden for. Fargerike piknikpledd med folk på ligg spreidde over heile stranda. Sanden er varm.

«Sjølv om de truleg er vande med spektakulære syn som dette, så synest eg de skal ta dette inn»

James Cramer

PÅ EIN KNAUS, 19.00: Vokalist i Tupelo, James Cramer, peikar opp mot den steile fjellsida.

– Sjå rundt dykk, sjølv om de truleg er vande med spektakulære syn som dette, så synest eg de skal ta dette inn. Vi er dei første som speler her, så det vi er saman om no, blir eit minne for livet, seier Cramer.

Cramer er spesialist på å få med seg publikum, og dei som ikkje er med og hoppar til folkemusikktonane, peikar Cramer ut frå scena. Og han gir seg ikkje før vedkommande røyrer på hoftene. Sånt blir det dansing av.

No endrar fargane i Vetvika seg frå grønt til raudt.

IGLANDSVIK MARINA, 22.45: – Det er kaos der ute no. Minst 200 står og ventar på å få båt tilbake, seier ein av dei som hjelper til med å frakte publikum tilbake. Seks båtar går utan stopp, men det tar tid. Nokre frys, andre har høyrt på oppfordringane om å ta med varme kle.

No endrar fargane i Vetvika seg frå grønt til raudt. Fargen kjem frå ute i havet og dei mange små båla dei som ventar på skyss, tenner rundt om på sanden.

– Dette vil eg hugse som magisk, seier Jorun Marie Førde.

IGLANDSVIK, NESTE DAG: Opplev Bremanger er ikkje over ennå, men presseansvarleg Roger Igland oppsummerer kvelden før.

– Terskelen for å avlyse var liten, for med ein aldri så liten bris eller kuling, hadde det ikkje vore forsvarleg. At vêret klaffa, det var rett og slett fantastisk. Ein draum som vart verkelegheit.

Kommentarer til denne saken