– Fysioterapeutane skryt uhemma. Det er ikkje alt vi trur på, men det girar oss opp!

Ellinor Saunes og Harry Røed skryt Therese Hanebrekke (bak) og Marte Gjøringbø opp i skyene. – Treningane går så fort, ein har ikkje lyst å slutte - dei er berre heilt supre! Foto: Liv Standal

Ellinor Saunes og Harry Røed skryt Therese Hanebrekke (bak) og Marte Gjøringbø opp i skyene. – Treningane går så fort, ein har ikkje lyst å slutte - dei er berre heilt supre! Foto: Liv Standal

Av

HELSE: I heile haust har Harry Røed og Ellinor Saunes trent styrke og balanse. Det har gitt gode resultat på fleire måtar.

DEL

Journalistens merknad: Denne saka vart skriven om deltakarar på Flora kommune si styrke- og balansegruppe for eldre i 2015. Nye slike grupper startar opp i byrjinga av mars, og er du interessert, kan du kontakte kommunen sin fysio- og ergoterapiavdeling.

I 2012 starta Flora kommune opp prosjektet som har gitt mange eldre ein ny og betre kvardag: Nemlig grupper der dei som har byrjande problem med balanse får hjelp til å trene seg betre. I haust har det gått to slike grupper med til saman 26 deltakarar.

Vilje trengs

Når eldre brukarar ber om rullator eller arbeidsstol, får dei automatisk besøk av Therese Hanebrekke og Marte Gjøringbø frå Flora kommune si fysio- og ergoterapiavdeling.

– Vi starta opp desse gruppene fordi vi såg at vi ofte kom for seint inn i biletet. Pasientane hadde blitt såpass dårlege at dei ikkje ville greie å trene seg opp igjen. Difor tenkte vi forebygging og tidleg innsats, forklarar Therese.

Eg måtte jo berre ha viljen til å ta dei taka som trengdest.

Ellinor Saunes

Ellinor Saunes og Harry Røed kan ikkje få fullrost tilbodet. Ellinor fekk ei hjerneblødning i 2013, og etter denne måtte så og seie alt lærast på nytt.

– Eg måtte jo berre ha viljen til å ta dei taka som trengdest, konkluderer ho på si nydelege finnmarksdialekt.

Ho beskriv korleis det kjennest når kroppen ikkje lenger lystrar slik ein er van med.

– Eg har vore husmor, og når ein kjenner at det ikkje lenger er å berre gå opp på den stolen og ta ned dei gardinene, så tenker ein kanskje «nei, no er eg ikkje noko tess lenger».

Harry sin lege truga allereie i 1980 med å sette han ut av yrkeslivet, som han seier, grunna Becheterews. No har sjukdommen gitt han store rørsleproblem, og etter eit sjukehusopphald i august kunne han nesten ikkje stå på føtene.

– Først fekk eg heimetrening to gonger i veka, og så fekk eg tilbod om å vere med i denne gruppa, og det takka eg ja til.

Leikar seg til styrke

Begge rapporterer om solid framgang etter ti veker med trening.

– Eg kjenner meg kanskje ikkje som nokon 18-åring lenger, det er greitt. Men eg må seie eg har komme meg veldig bra, sler 80-åringen Ellinor fast.

Marte og Theres skryt uhemma av oss. Det er ikkje alt vi trur på, men det girar oss opp!

Harry Røed

Dessutan er det ikkje berre kroppen som får trening når gruppa møtest.

– Når vi til dømes kastar ball til kvarandre, må vi også hugse namnet på den vi kastar til, fortel Harry, og berømmer dei to fysioterapeutane for å ha laga til eit program som også har ein effekt på humøret.

– Måten dei har bygd det opp på med barnslege leikar, som til dømes det å kaste ball, gjer det meir levande, smiler han, og beskriv korleis alle på gruppa deltek med liv og lyst i aktivitetane.

– Marte og Therese skryt uhemma av oss. Det er ikkje alt vi trur på, men det girar oss opp! Alle kjenner fellesskapet og det gir styrke, fortel han.

Samstundes kjem ikkje framgangen gratis. Det er ikkje hjelp i å stille på trening to gonger i veka og tru at det gjer den store skilnaden.

– Vi må jo skryte litt av oss sjølve òg, vi hadde jo ikkje komme så langt om vi ikkje hadde lagt ned ein innsats på heimebane også, seier dei.

Men dei er einige om at dei aller fleste varme orda er det Therese og Marte som skal ha.

– For min del har eg vorte så glad i gruppa - dette er det flottaste eg har vore med på, strålar Ellinor.

Harry har ikkje mange innvendingar.

– Eg kan skrive under på alt Ellinor har sagt!

Gode tilbakemeldingar

Etter at treninga vart avslutta, har fysioterapeutane hatt evalueringssamtaler med deltakarane.

Her har det komme fram at mange meiner dei har hatt stor framgong. Fleire trekkjer fram balansetrening som den mest betydningsfulle biten, og peikar på at den har gjort dei i stand til å greie seg betre sjølv i samband med gjeremål i heimen.

Fleire av medlemmene i gruppa er plaga med dårleg balanse, og dermed utryggleik i kvardagen. Nokre har også ein fallhistorikk. Etter treninga viser testane at mange av dei har fått betra gangfunksjonen sin og auka styrke i armar og bein.

Det er også fleire som peikar på kor mykje gruppa har betydd sosialt. Fleire av deltakarane trur ikkje dei hadde vore oppegåande om det ikkje hadde vore for gruppa - fleire seier at den har vore avgjerande for å komme seg opp av senga og ut av huset.

Sjølv om nokre har gått ned i score under kartlegginga, opplever dei likevel at dei har fått auka kvardagsmeistring likevel.

Artikkeltags