Joda, det blir fyrverkeri i år også

DET BLIR FYRVERKERI: Små og store kan gle seg til fellesfyrverkeriet også i år.

DET BLIR FYRVERKERI: Små og store kan gle seg til fellesfyrverkeriet også i år. Foto:

DEL

Etter ti år takka Jan Roar Hatlem for seg som sjef for fellesfyrverkeriet i Florø, og det såg ei tid ganske så mørkt ut for fyrverkeriet ved overgangen til 2019. Men no har Ole Aukland og Sparebanken Sogn og Fjordane komme i mål med å arrangere fellesfyrverkeri også i år.

– Det blir fyrverkeri i år også, stadfestar Aukland til Firdaposten.

– Det var eit valdsamt engasjement for å få dette til. I løpet av nokre hektiske dagar klarte vi samle inn 25.000 kroner frå folk i Florø. I tillegg kjem bankens bidrag på 30.000. Vi har difor bestilt og mottatt fyrverkeriet som skal skytast opp etter Barnekjippen måndag, seier Aukland.

Men fyrverkeriet kjem ikkje til å bli heilt det samme som før.

– Det har vore fyrverkeri som har vara borti 30 minutt. Det blir litt vel lenge, så no kjem det til å vare i mellom 10 og 15 minutt. Men det vil ikkje vere noko dårlegare enn det som har vore før, på nokon måte, strekar Aukland under.

Artikkeltags