Fleirtal mot sal i fylkesutvalet

Fylkesutvalmøte stemmer over Fjord1-salet. Noralv Distad saman med Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen.

Fylkesutvalmøte stemmer over Fjord1-salet. Noralv Distad saman med Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen. Foto:

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Men utfallet i Fjord1-saka i fylkestinget står framleis heilt ope.

DEL

Arbeidarpartiet, Venstre og Høgres Bjørn Hollevik har i føremiddag sikra fleirtal i fylkesutvalet for ei tilråding om ikkje å selje aksjane i Fjord1 no.

Dette kom fram under fylkesutvalmøtet som først vart lukka berre 16 minutt etter at handsaminga av saka tok til.

Framleis usikkert

Det er likevel høgst usikkert om dette blir det endelege resultatet når fylkestinget får Fjord1-saka til handsaming i ettermiddag. Grunnen til dette er at Høgre er på vippen og at Høgre-gruppa er innbyrdes kløyvd. Høgres fylkesutvalsmedlem Bjørn Hollevik er prinsipielt for å selje Fjord1-aksjane, men usamd i prosessen og den tilrådinga som ligg føre no. Høgres gruppeleiar Noralv Distad stør tilrådinga om å selje til Torghatten no. Dei to andre Høgre-representantane, Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen, har enno ikkje bestemt seg. Avgjerda hos Høgre vil truleg skje under eit gruppemøte i fylkestinget, men Bjørn Hollevik har allereie gjort det klart at han uansett kjem til å gå mot det føreslegne salet til Torghatten.

Saka:

  • Fylkeskommunen har fått utgreidd eigarskapen i Fjord1
  • Wiersholm og DHT Corporate Services har sett på å tre alternativ: 1. Som i dag 2. Ny medeigar 3. Heilt/delvis sal
  • Rådgjevarane har forhandla ein salsavtale med Torghatten ASA
  • Minoritetseigar Havilafjord AS har bydd på aksjane og hevdar forkjøpsrett. Denne retten meiner rådgjevarane til fylkeskommunen ikkje er gyldig slik salet blir gjennomført
  • Havilafjord har også skulda fylket sine rådgjevarar for å snakke usant om selskapet
  • Saka blir handsama  i fylkesutvalet måndag 16. november
Fylkesutvalmøte stemmer over Fjord1-salet. Noralv Distad saman med Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen.

Fylkesutvalmøte stemmer over Fjord1-salet. Noralv Distad saman med Sonja Øvre-Flo og Anne Lilleaasen. Foto:

I fylkesutvalsmøtet markerte både Senterpartiet og KrF eit klart standpunkt der dei hevdar at tida er inne for å selje Fjord1, at avtalen med Torghatten er god, og at moglegheita for eit sal neppe vil komme att på fleire år dersom ein let vere denne gongen.

Både Senterpartiets gruppeleiar Sigurd Reksnes og Krfs Trude Brosvik strekar under at det viktigaste omsynet må vere å oppnå høgast mogleg pris og maksimere verdiane for innbyggarane. Begge partia er overtydde om at Torghatten vil bli ein god eigar. Begge avviste også sterk kritikk frå Høgres Bjørn Hollevik om at behandlinga av Havilafjords forkjøpsrett er etisk uryddig.

– Naivt

Aps gruppeleiar, Åshild Kjelsnes, meiner at Senterpartiet og KrF legg opp til å gå inn i ein konflikt med opne auge.

– Det er naivt å tru at vi utviklar selskapet ved å sende det til største konkurrent. Vi reduserer Fjord1 frå å vere ein leiande aktør i landssamanheng til å bli ein filial, sa Kjelsnes.

I fylkesutvalet sikra Ap, Venstre og Bjørn Hollevik fleirtal for eit framlegg om å avslutte den noverande salsprosessen. Framlegget legg opp til å starte ein ny og samordna prosess for nedsal av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 AS med sikte på endeleg stilling til sal innan utgangen av 2016. I denne prosessen meiner forslagsstillarane det skal haldast dialogmøte mellom eigarane og mellom fylkeskommunen og selskapet, og vere samordning med fylkesutvalet, eigarane, styret og administrativ leiing i Fjord1.

I tillegg vil dei hente inn ei uavhengig verdivurdering av selskapet og dei vil sikre ein meir open prosess og eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for fylkestinget.

Om dette fleirtalsframlegget frå fylkesutvalet vil få gjennomslag i fylkestinget vil vise seg i løpet av ettermiddagen, men utfallet er så langt uvisst.

Tidlegare i Fjord1-striden:

Havilafjord-eigar, Per Sævik, vil møte fylkeskommunen i retten, om fylkestinget vedtek salet til Torghatten. «Er det trøbbel dei ønsker, skal dei få det», har han ytra.

Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest har tidlegare gått ut og åtvara fylkespolitikarane mot Fjord1-salet det no blir lagt opp til.

Styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Neteland har tidlegaregitt klar beskjed til fylkesutvalet om at dei ikkje ønsker at Fjord1 skal bli selt til Torghatten.

Norvall Nøringset, tidlegare fylkestingsrepresentant for SV, har uttalt at Fjord1-prosessen grensar til å vere korrupt.

– Eg seier ikkje at det som skjer er ulovleg, men det verkar moralsk og etisk forkasteleg, sa han tidlegare til Firda.

Artikkeltags