Fylkesutvalet støttar Flora

Åshild Kjelsnes.

Åshild Kjelsnes. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gjorde i oktober vedtak om at ein felles naudnummersentral bør ligge i Flora.

DEL

Ei arbeidsgruppe som har arbeidd med samordning av telefonsentral for naudnummer, har jobba med det sidan august 2008. Dei rådde til at ein prøvde ut det felles naudnummeret i Drammen. Ein ønskte ikkje å prøve dette ut i fleire distrikt samstundes slik mange ønskte.

Gruppa rår til at det blir etablert sju eller åtte felles sentralar. Desse skal erstatte dei 23 brannsentralane og dei 19 AMK-sentralane.

– Fylkesutvalet kom 28.oktober med ei høyringsuttale om saka. Punktet vart sett fram Ap og seier følgjande: Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner ein av dei nye naudmeldesentralane med fordel bør lokaliserat til Flora, og viser til eigen uttale frå Flora kommune om saka, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes.

Artikkeltags