I dag vert det aller første felles fylkestingsmøtet for Sogn og Fjordane og Hordaland avhalde i Gulen.

Stortinget vedtok 8. juni i fjor ei regionreform, der berre fire av dagens 19 fylker består, medan dei andre blir slått saman to og to (Buskerud, Akershus og Østfold er tre) til nye einingar.

Les også Åtvarer sine eigne mot å prøve regionomkamp: - Spelar hasard med viktige arbeidsplassar.

Under dagens møte skal sjølve den praktiske gjennomføringa av samanslåinga på bordet. Det skal mellom anna diskuterast namn på det nye fylket og kor mange medlemmer det nye fylkestinget skal ha. Ein skal òg sjå på kva samansetting fellesnemnda skal få, kva funksjonar den skal ha, og det skal veljast revisor for verksemda, pluss oppretting av eventuelle andre fellesorgan som trengst for å sikre gjennomføring av samanslåinga.

Det er Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland som held fram som eigne fylke.

Elles skal Vest- og Aust-Agder slåast saman, det same skal Telemark og Vestfold, Hedmark og Oppland, og Troms og Finnmark.