Avviste ny runde om Fjord1-utbyttet

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi har ein avtale å halde oss til, sa fylkesordføraren i fylkestinget.

DEL

Alfred Bjørlo (V) kom ingen veg då han i fylkestinget i dag utfordra fylkesordføraren med spørsmål om kva ho veit betre enn Fjord1-styret, når ho vil røyste ned styrets tilbod om utbyte på 50 millionar kroner. Det skriv Firda.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) gjentok det ho tidlegare har sagt til Firda, at det handlar om å ruste Fjord1 til å møte framtidige investeringar. Men i tillegg viste Følling til omsynet til å sikre aksjeverdien i Fjord1 og sa at hovudgrunnlaget for å ikkje ta utbytte ligg i fylkeskommunens avtaleplikt.

– Slike reguleringar er vanleg

Følling sa at opplegget med å ikkje ta utbytte ligg i aksjonæravtalen mellom Torghatten og Fjord1 Holding, og at ein der er foreint om at det ikkje skal betalast utbyte i gruppa for 2015.

– Slike reguleringar er vanleg, mellom anna for å sikre at verdiane av aksjane ikkje blir forringa i perioden frå signeringa til gjennomføringa av salet, sa Følling.

Alfred Bjørlo, som sette Fjord1-saka på dagsorden gjennom eit spørsmål til fylkesordføraren, meinte det er spesielt at styret og største eigaren har eit så ulikt syn i eit så viktig spørsmål som kva utbyte det skal betalast frå selskapet.

– Det er ein ordførars plikt

Normalt ville eit overskot på 217 millionar kroner i Fjord1 ha gitt fylkeskommunen eit utbytte på rundt 65 millionar kroner, medan minoritetseigar Havilafjord ville fått ca 44 millionar kroner. Styret i Fjord1 valde etter signal frå fylkeskommunen å tilråde eit utbytte på totalt 50 millionar kroner til dei to eigarane. Fylkesordførar Jenny Følling gjentok i dag i fylkestinget at ho er innstilt på å røyste ned framlegget frå styret.

På spørsmål frå Bjørlo om det at styret har gitt ei anna tilråding om utbyte gjer at saka vil bli teken opp i fylkesutvalet, svara fylkesordføraren:

– Det er ein ordførars plikt å følge opp fylkestingets lovlege vedtak.

I svaret sitt strekar Følling under at opplysningane om null-utbytte låg i materialet som var tilgjengeleg for fylkespolitikarane og som vart presentert i fylkesutvalet 16. november og i fylkestinget 23. november. Det nye styret i Fjord1 har kjent til avtalen med Torghatten sidan 8. desember, sa Følling.

Artikkeltags